Hopp til innhold

Fagforeining slår alarm om branntryggleiken på Bergensbanen

Lokførarar er bekymra over brannfarleg isolasjon i norske jernbanetunnelar. Bane Nor har ikkje full oversikt over kva for tunnelar som har denne isolasjonen.

Ulrikstunnelen brannskader

BRANNSKADAR: Slik såg skadane ut i Ulrikstunnelen etter at det brann i isolasjonen ca. 50 meter inne i tunnelen i juli i fjor.

Foto: Bane Nor

Brannfarlege og potensielt giftige skumplater, såkalla PE-skum, er brukt til isolasjon langs tunnelveggane på jernbanestrekningar over heile landet.

I fjor tok det fyr i desse platene i Ulrikstunnelen i Bergen. Ingen blei skada, men all togtrafikk inn og ut av Bergen stansa.

Denne hausten sende lokførar Øystein Dypedal ei bekymringsmelding til Statens jernbanetilsyn. Han er tillitsvald i Lokomotivpersonalets forening på Bergensbanen.

– Vi er bekymra for at Bane Nor ikkje har oversikt på kor mange tunnelar som inneheld ubeskytta PE-skum, seier Dypedal til NRK.

Han seier at mange tunnelar som er definerte som særskilde brannobjekt, inneheld store mengder av dette stoffet.

Øystein Dypedal

BER OM FORTGANG: Tillitsvald Øystein Dypedal i Lokomotivpersonalets foreining på Bergensbanen sto bak bekymringsmeldinga som blei sendt til Jernbanetilsynet.

Foto: Hanne Kristin Dypedal

Brann lamma togtrafikken

Som NRK har meldt tidlegare, finst stoffet i dei fleste tunnelane langs Bergensbanen. Mellom anna i den 10 kilometer lange Finsetunnelen kor delar av stoffet no har blitt fjerna.

Dypedal seier lokførarane er uroa for konsekvensane av ein eventuell storbrann dersom ein ikkje får byta ut stoffet med anna materiale.

– For oss som jobbar på jernbanen, er brann i tunnel det vi fryktar mest. Det er klart at når det brenn i ein lang tunnel med giftig røyk og mykje folk, så kan det bli fatalt, seier Dypedal.

Innrømmer manglande oversikt

Allereie i 1996 anbefalte det norske Veritas å erstatte isolasjonen i alle jernbanetunnelar der dette var mogleg.

I 2009 byrja Bane Nor arbeidet med å fjerne stoffet, men dette har drege ut i tid og vist seg å vere krevjande.

I haust bad Jernbanetilsynet om ei utgreiing frå Bane Nor på bakgrunn av bekymringsmeldinga frå foreininga. I svarbrevet, som NRK har fått innsyn i, erkjenner Bane Nor at deira oversikt ikkje er komplett.

– Derfor er vi no i full sving med å registrere og kartlegge dette i tunnelane våre, seier kommunikasjonsrådgivar Harry Korslund i Bane Nor.

Ulrikstunnelen brann på Arnasiden Bergensbanen

RØYK: Tunnelbrannen i Ulrikstunnelen oppstod då isolasjonsmatter tok fyr på innsida.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Slit med å finne erstatning

Ifølge Korslund blir fleire togstrekningar kartlagt, mellom anna Sørlandsbanen som også har mange tunnelar.

Kartlegginga skal bli ferdigstilt i løpet av 2020.

– Men der vi har kome aller lengst, er nettopp Bergensbanen, seier Korslund.

Ifølge Bane Nor ein av utfordringane at det framleis ikkje finst eit fullgodt alternativ som kan erstatte skumplatene.

Dypedal i foreininga hevdar på si side at mindre brannfarlege produkt allereie er teke i bruk fleire plassar.

– Dette kjenner eg ikkje til, svarar Korslund i Bane Nor.

Jernbanetilsynet har førebels slått seg til ro med svaret frå Bane Nor, men varslar at dei vil følge opp saka i framtidige tilsyn ut frå nye risikovurderingar.

Harry Korslund Bane Nor

JOBBAR MED SAKA: Kommunikasjonsrådgivar Harry Korslund i Bane Nor seier dei no er i full sving med å ein fullstendig oversikt over kva slags tunnelar som inneheld PE-skum.

Foto: Kristian Edlund