Hopp til innhold

Færre saker hamnar i konfliktrådet

I fjor gjekk talet på saker i Konfliktrådet ned med seks prosent samanlikna med året før.

Konfliktrådet i Nord-Trøndelag

FÆRRE SAKER: Valdssaker og skadeverk toppar framleis statistikken i Konfliktrådet.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

– Det er små tal vi jobbar med i Sogn og Fjordane og seks prosent er ikkje så mykje, seier Bjørg Sletten, som er leiar i Konfliktrådet i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Ho trur likevel at noko av forklaringa på nedgangen kan ligge i omlegginga av politiet som har vore.

– Dei aller fleste sakene vi får kjem frå politiet og påtalemakta. Når dei har mykje anna å gjere så kan nok det vere litt av grunnen, seier Sletten.

Mindre ungdomskriminalitet

Sjølv om talet på saker som hamnar i konfliktrådet har gått litt ned, trur ikkje Sletten at det skuldast at vi er blitt mindre kranglevorne.

– Nei det trur eg ikkje. Men vi ser at det er mindre vald blant ungdommar som er byen. Over heile landet er det nedgang i ungdomskriminaliteten, og det er godt å vite. Men det vil alltid vere ein del, seier Sletten.

Vanskelege valdssaker

Valdssaker og skadeverk utgjer framleis dei største kategoriane hjå Konfliktrådet.

– Vi snakkar då mykje om vald der folk har vore på byen. Dei drikk gjerne for mykje og byrjar å krangle, og så går det over styr, seier Sletten.

Men mange av sakene handlar også vald i nære relasjonar. Det kan vere mellom par, foreldre og barn, eller søsken.

– Tidlegare vart ikkje desse sakene skilt ut så tydleg som vi gjer no, seier Sletten.

Dette er også ein type saker som er vanskeleg å løyse.

Bjørg Sletten, leiar i Konfliktrådet for Hordaland og Sogn og Fjordane

LITEN #METOO-EFFEKT: Bjørg Sletten er leiar i Konfliktrådet i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

– Det kan dei vere, fordi det ofte har gått lang tid. Men på ein anna side så er ikkje dei sakene vi får i Konfliktrådet dei mest alvorlege. Valdssakene vi får handlar gjerne om eit par der det har skjedd vald ein eller to gonger, men der partane framleis er glade i kvarandre og vil bu saman. Då handlar det å finne løysingar som gjer at det ikkje skjer igjen, seier Sletten.

#Metoo

På eit felt skil Sogn og Fjordane seg klart frå resten av landet. I Sogn og Fjordane har talet på saker med seksualkriminalitet gått ned. I andre deler av landet har dei merka ein auke etter den såkalla #Metoo-kampanjen.

– Den kampanjen har fått folk til å verte meir opne for å snakke om denne typen saker. I Sogn og Fjordane har vi ikkje fått så mange slike saker. Men vi får likevel ein del saker om seksualkriminalitet som vi får frå politiet, seier Sletten.

Det er gjerne saker med folk om kjenner kvarandre godt.

– Men der ting har skjedd, som ikkje burde skje, seier Sletten.