Hopp til innhold

Færre vil bli kokk – det kan gi laber matservering

Medan restaurantbransjen skrik etter arbeidskraft, er det færre her til lands som vil bli kokk. Det kan gi færre gode restaurantar og meir hurtigmat.

Restaurant og matfag ved Måløy VGS

ENGASJERT: Elevar og lærar Bente Iren Vonheim ved Måløy vgs. trur Noreg som matnasjon vil tene på at fleire tar utdanninga.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Grunnleggande kunnskap frå skule- og læretid påverkar sjølvsagt resultatet vi får i restaurantane og på hotella, seier faglærar Bente Iren Vonheim ved Måløy vgs.

Søkjartala til restaurant og matfag går nedover, sjølv om vi kjøper stadig meir mat ute. Mangelen på fagfolk er eit stort problem for hotell og restaurantar over heile landet.

Tidlegare i sommar gav forfattar og skribent Torgrim Eggen ein ramsalt kritikk av serveringstilbodet etter ei rundreise til bygder på Vestlandet.

– Vestlandet er fantastisk, men det som ikkje er fantastisk er at det er umogleg å finne noko godt å ete. Det er sjokkerande når det absolutt er pengar å tene, sa Eggen i eit intervju med NRK.

Endar opp med hurtigmat og enkle løysingar

President i Norske kokkars landsforeining, Kim Håvard Larsen, meiner det trengst fleire engasjerte fagfolk om turistar og fastbuande ikkje skal måtte nøye seg med pizza og hurtigmat.

Talet unge som ynskjer å gå restaurant- og matfag her til lands har gått ned frå 2141 i 2012 til 1773 i år, ifylgje tal frå Utdanningsdirektoratet.

– Utan dei dyktige kokkane endar ein for lett opp med dei enkle ferdigproduserte løysingane, seier Larsen.

Står utan lærlingar neste år

Også i Vestland fylke har tala dei siste åra gått ned, frå 532 til 313 søkjarar. I Måløy vart konsekvensen at andre trinnet (VG2) ikkje starta opp fordi sju søkjarar er éin elev under grensa til fylkeskommunen.

No står hotella og serveringsstadane i Nordfjord utan nye lokale lærlingar til neste år, sjølv om området med vel 30.000 innbyggarar tar imot hundretusenvis av tilreisande.

– Det betyr i praksis sju færre lærlingar til næringslivet i nærområdet, seier lærar Iren Hammersvik.

Bente Iren Vonheim og Iren Hammersvik

LÆRARAR: Bente Iren Vonheim og Iren Hammersvik

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Kim Håvard Larsen seier bransjen sjølve må ta ansvar.

– Vi må sørge for at kokkeyrket er attraktivt. Vi treng lidenskapelege fagfolk som vidareutviklar mattilbodet, tar vare på matkulturen og verdien av råvarene. Det blir stadig fleire serveringsstadar fordi etterspurnaden aukar, då må vi ha fleire kokkar.

To elevar på kokkelandslaget

Lærarane ved Måløy vidaregåande skule har lang erfaring i å utdanne kokkar. To av elevane herfrå er no på det norske kokkelandslaget.

Angelique Eide Humborstad og Taha Kadurah har nettopp byrja på utdanninga.

– Det er veldig gøy å lære å lage mat, korleis ein gjer det og kor ting kjem frå. Inntrykket så langt er veldig bra, seier Eide Humborstad, som ynskjer å bli restaurantkokk.

Taha Kadurah jobbar alt på familien sin restaurant i Måløy, og vil ta fagbrev.

– Draumen og målet er å bli kokk, seier Kadurah som nyleg kom til Noreg frå Syria.

Taha Kadurah og Angelique Eide Hammersvik

KLARE: Taha Kadurah og Angelique Eide Humborstad har nett starta utdanninga si til å bli kokk.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Trur på oppsving

Vonheim og Hammersvik håper fleire søkjer seg til yrket. Lærarane meiner Eggen bommar når han ikkje fann gode opne restaurantar på rundturen til Vestlandet.

– Det finst mange gode tilbod i distriktet, tidlegare elevar satsar i området. Det gir eit løft når det kjem gode kokkar med respekt for råvarene, seier Vonheim.