Hopp til innhold

Færre droppar ut – rekordmange fullfører vidaregåande

ÅRSTAD (NRK): Aldri før har så mange elevar i vidaregåande fullført utdanninga. – Det er framleis for lett å slutte, seier frisørelev Marita Juul Hermansen.

Elevene får kjenne på frisøryrket allerede tidlig i utdannelsen

PÅ JOBB: – Her kallar vi oss ikkje elev og lærar, men kollegaer, seier Ann-Kristin Fjellanger. Her saman med ein av elevane sine, Marita Juul Hermansen.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at andelen elevar som fullfører vidaregåande skule aukar. Av elevane som starta i 2012, hadde 74,5 prosent fullført innan fem år.

Til samanlikning var det berre 70,6 prosent av elevane i 2008-kullet som hadde fullført etter like mange år.

Det betyr at på fire år år har talet elevar som fullfører vidaregåande skule auka med fem prosent. Det er det beste resultatet sidan målingane starta.

– Arbeidet som skulane har gjort for å hindra fråfall, har gitt resultat, seier leiar i oppfølgingstenesta i Hordaland, Cecilie Øvstedal.

Har gjort skuledag til arbeidsdag

I ein liten frisørsalong i Bergen høyres lyden av sakser og fønarar. Lærar Ann-Kristin Fjellanger spring rundt og passar på at elevane hennar gir den behandlinga dei skal.

– Vi legg opp skulekvardagen tilnærma lik arbeidslivet, for her får elevane kjenne på korleis frisøryrket faktisk er. Dette har gjort at vi har fått svært lite fråfall av elevar, seier Fjellanger.

Marita Juul Hermansen går frisørfag ved Årstad vidaregåande skule i Bergen. Saman med 26 andre elevar er ho i full gang med hårfarging og klipp.

– Det er for lett å droppe ut av den vidaregåande skulen. Ein kan berre la vere å møte opp, og seie at ein ikkje vil gå på skulen meir. Det er ikkje godt nok, seier Hermansen.

Cecilie Øvstedal

EIGNE TILTAK: Leiar i oppfølgingstenesta i Hordaland, Cecilie Øvstedal, meiner det er viktig at skulane gjer eigne tiltak.

Foto: Siri Løken / NRK

Vekst i talet på dei som fullfører

Statistikken syner ein jamn vekst i talet på elevar som fullfører.

  • Talet på elevar som fullfører har auka jamt sidan 2007. Tala frå 2012-kullet er det høgaste nivået sidan målingane starta, med ei auke på 1,5 prosentpoeng frå året før.
  • Delen som fullfører og består er høgare blant elevar som tar studieførebuande utdanningsprogram (88 prosent), enn blant elevar som tar yrkesfaglege utdanningsprogram (60 prosent)
  • Flest fullfører og består i Akershus med 80 prosent, medan færrast gjer det i Finnmark med 61 prosent.
  • Delen som fullfører og består yrkesfaglege utdanningsprogram er høgast i Rogaland, Vest-Agder og Akershus
  • Alle fylke har auka delen som fullfører og består frå 2006- til 2012-kullet. Sogn og Fjordane har hatt lågast auke, men har likevel tredje høgast fullføringsandel. Størst auke har det vore i Finnmark og Troms.

Øvstedal i oppfølgingstenesta meiner det er mange grunnar til at fleire no fullfører vidaregåande skule.

– Det skulane jobbar med for at elevane skal bli, det ungdomsskulane gjer for å gi ungdomane rett og god karriererettleiing, og at me i oppfølgingstenestene er «på» desse ungdomane, seier Øvstedal.

En helt vanlig skolehverdag for frisørstudentene

PRAKTISERER: Frisørelevane tilbyr klipp og behandling til betalande kundar ved Årstad vidaregåande skole.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Meiner «skuleord» kan vera negative

Frisørlærar meiner orda «skule» og «lærar» kan vere negativt ladd for mange.

– Her seier vi at vi jobbar i team og er kollegaer. Slike små grep må ein ikkje undervurdere. Det er også viktig å vite kva som ventar når ein går ut i arbeidslivet, meiner frisørlærar Fjellanger.

Frisørelev Hermansen har aldri vore skulelei, men ho er ikkje ukjent med at elevar sluttar på skulen. Ho meiner skulen i mange år har gjort ein for dårleg jobb med å legga til rette for dei som ikkje er «klar» for utdanning.

– Skulen legg ikkje opp eit godt nok tilbod og det blir ikkje godt nok opplyst om kva andre moglegheiter me har som elevar utover yrkesfag og studieførebuande, seier Hermansen og viser til vekslingsmodellar for elevar som vil gå rett ut i lære.

– Kan ikkje forvente at alle veit kva dei vil bli

Årstad vidaregåande skule har dei siste åra jobba aktivt med å hindre at elevane droppar ut. Rektor Rolf Arve Haugstvedt vil trekke fram to hovudgrunnar til at færre no sluttar.

– Vi møter elevane på ungdomsskulen med informasjon om korleis det er å vere elev hos oss, og kva yrket vil innebere. Ungdomsskuleelevane får også komme hit på besøk og delta i undervisninga.

Haugstvedt fortel at dei også tilbyr elevane å bytte linje om elevane ser at yrkesvalet ikkje passar for dei.

– Vi kan ikkje forvente at alle veit kva dei vil bli i ein alder av 16–17 år, seier Haugstvedt.