Hopp til innhold

Færre elevar droppar ut – kunnskapsministeren er letta

Under pandemien har fleire elevar gått vidare i vidaregåande opplæring enn før. Kunnskapsministeren seier tala er «betre enn frykta».

Avgangselevar ved Firda vidaregåande skule

MÅLET: Russetida kan vere innan rekkevidde for fleire, når færre droppar ut frå vidaregåande.

Foto: Ingvild Eide / NRK

– Eg er letta over desse tala, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Nye tal frå Utdanningsdirektoratet syner at fleire elevar gjekk vidare frå første og andre klasse i vidaregåande skulle enn det som var tilfelle før pandemien.

Dette gjeld både for studieførebuande og yrkesfaglege utdanningar og begge kjønn.

– Det er mykje betre enn frykta. Samtidig må vi ta på alvor at pandemien har hatt negative konsekvensar for nokre, og dette må vi finne ut meir om, seier Brenna.

På same tid som pandemien har vore sosialt krevjande for elevane, kan andre deler av skulekvardagen ha vorte lettare. Ifølge Utdanningsdirektoratet har tala etter alt å døme samanheng med høgare standpunktkarakterar og avlyste eksamenar.

Tonje Brenna

PILENE PEIKER OPPOVER: Kunnskapsminister Tonje Brenna gler seg over at fleire elevar kjem seg vidare i vidaregåande opplæring.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Kunnskapsministeren meiner dei nye tala tyder på at lærarar og tilsette i skolen «har klart å halde elevane innanfor systemet i ei krevjande tid».

– Så må vi sjå nærmare på om det har vore stilt lågare krav til elevane, og om det vil få konsekvensar for vidare læring, seier Brenna.

Elevar ved Firda vgs.

VANE: Andreklassingane Vegard Hovstad, Susanne Klakegg og Martin Ness har ikkje opplevd vidaregåande anna enn under ein pandemi.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Færre slutta

Tal frå Utdanningsdirektoratet har òg peikt på at færre elevar i vidaregåande har slutta under pandemien. Det overraskar elevar ved Firda vidaregåande skule i Nordfjord.

– Eg tenkte at det var motsett: at fleire slutta, seier Susanne Klakegg.

Klakegg, Martin Ness og Vegard Hovstad er alle elevar i andre klasse på program for studiespesialisering.

Dei tre har aldri opplevd anna enn eit vidaregåande-liv med pandemi.

– Under pandemien møter du mindre folk, du ser kanskje negativt på livet og mister motivasjon. Det fører til at du kanskje vil slutte enn å gå vidare, trur Klakegg.

Har verka ulikt på elevane

Forskar Jon Rogstad ved NOVA meiner pandemien har verka ulikt på ulike grupper av elevar.

Han viser til ungdata-tala for 2021 som fortel at mange ungdommar har opplevd at pandemien påverka dei negativt:

27 prosent svarer at pandemien påverka dei mykje eller veldig mykje. Men 68 prosent svarer samtidig at pandemien har hatt ei positiv betydning for dei.

Rogstad meiner det viktige spørsmålet er kva som vil skje framover, når pandemien er over, og spør seg om fråfallet er sett på vent:

– Vil fråfallet auke i tida som kjem, når også fråværsgrensa truleg blir innført att? spør han.

Meiner skulane har gjort ein god jobb

Firda-rektor Hallgeir Hansen er imponert over korleis elevane har greidd å tilpasse seg under pandemien.

– Det er klart dette har vore krevjande, seier han.

Hansen meiner lærarar og støtteapparat har gjort ein god jobb med å følge opp elevane under pandemien.

– Mange kontaktlærarar og faglærarar har strekt seg langt for å følge opp elevane – både i det daglege og når det kjem til å få vise kompetanse.