Hopp til innhold

Fadderveka er i gong: – Hugs at eit nei er et nei

Måndag startar innviinga av det nye studieåret. Politiet vil hindra uheldige hendingar, og kjem med råd til dei som no skal inn i fadderveka.

Christian Stoutland i politiet

– VIS ANSVAR: Ta ansvar for kvarandre, og hugs at eit nei er eit nei, var førebyggande koordinator Christian Stoutland i politiet sin bodskap til studentane i Bergen i går.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Det har tidlegare vore mykje negativt i forbindelse med fyll, festar, vorspiel, og ting som har gått litt ut av kontroll.

Det fortel førebyggande koordinator ved Vest politidistrikt, Christian Stoutland. Grunna hendingane starta Vest politidistrikt i 2012 eit førebyggande samarbeid med universiteta og høgskulane i Bergen.

I går møtte han studentar og fadrar på Universitetet i Bergen for å kome med råd og tips før fadderveka som startar i dag.

Færre hendingar dei siste åra

Kvart år har politiet no informasjonsmøte med fadrane ved dei ulike studiestadane før fadderveka. I helga var politiet rundt å haldt føredrag for 1.000 fadrar, der dei har kome med gode råd, og ei påminning om kvar grensene går.

Etter samarbeidet starta har rutinane under fadderveka blitt betre, og hendingane færre, ifølgje Stoutland.

– Vår oppleving er at det absolutt var vore ein positiv trend dei siste åra, med færre negative hendingar.

Etter 2012 har blant anna faddervaktordninga starta opp. Ordninga består av edru studentar og vaksne ved utdanningsinstitusjonane. Dei går rundt i sentrum og passar på folk, som nokre slags natteramnar.

Faddermøte før fadderveka ved UIB 20

MANGE FRAMMØTTE: Det var solid oppmøte då politiet i Bergen møtte studentane i går.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– I tillegg har fadrane sjølv gjort ein kjempegod jobb som rollemodellar, seier koordinatoren.

Råd frå politiet

No kjem 10.000 studentar til Bergen by, og skal bli kjent med kvarandre gjennom fadderveka.

– Erfaringsmessig blir det mykje festing, og då kan det av og til gå litt langt, fortel Stoutland.

Claudia Aline Barbosa

FADDERLEIAR: Det er viktig å møte politiet og få innspel, meiner Leiar for fadderstyret ved Det humanistiske fakultet UiB, Claudia Aline Barbosa.

Foto: Stian Røkenes / NRK

Difor ønsker politiet å koma med nokre gode råd til deg som skal inn i fadderveka, anten du er fadder eller fadderbarn, for å førebygga negative hendingar:

  • Ta ansvar for kvarandre, og ta vare på kvarandre
  • Ver gode førebilete
  • Ta omsyn til alle andre som skal på jobb om morgonen
  • Eit nei er faktisk eit nei. Under sex skal det vere samtykke.

Politiet kjem til å vera til stades heile veka, og følga opp dei ulike arrangementa rundt om i bergensområdet.

Viktig leksjon

Claudia Aline Barbosa i fadderstyret ved UiB synest det er viktig at politiet held føredrag for fadrane.

– Det er lurt at nye fadrar får ei forståing for kva fadderveka går ut på, og at me kan vera førebudd på både gode og dårlege ting.

– Trur du føredraget kan vera med å hindra uheldige hendingar under fadderveka?

– Absolutt. Eg trur at alle har godt av dette føredraget, og at det er noko ein kan ta med seg vidare etter fadderveka òg.