Hopp til innhold

Facebook har sletta 4,5 milliardar falske profilar sidan nyttår

Norske kjendisar slit med at svindlarar kopierer Facebook-arrangementa deira og lurar til seg person- og kortopplysningar. No svarar Facebook på kritikken. Og skuldar på koronapandemien.

Facebook

JOBBAR MED SAKA: Facebook seier til NRK at dei har investert massivt i kunstig intelligens for å oppdage falske profilar og hendingar.

Foto: Matt Rourke / AP/NTB

– Vi har absolutt ikkje noko ønske om å vere ei plattform for svindel og andre formar for misbruk, seier Camilla Nordsted til NRK.

Ho er kommunikasjonssjef for Facebook i Norden og seier dei brukar mykje ressursar på halde plattforma fri for svindel.

Likevel har alt frå artist Kurt Nilsen til hypokonderlege Ingvard Wilhelmsen fått merke det denne hausten.

Svindlarar set opp falske arrangement som liknar deira eigne på Facebook for å lure folk til å oppgi personleg informasjon og kortinformasjon.

Falskt arrangement med hypokonderlege

IKKJE LETT Å SJÅ: Dette arrangementet er svindel.

Foto: Skjermdump

– Vi føler oss litt makteslause

Sjølv om ein avslører og rapporterer dei falske sidene, kan det ta lang tid å få dei fjerna, om dei nokosinne blir det.

Manageren til Kurt Nilsen, Jan Fredrik Karlsen, seier til Dagbladet at dei har vore i kontakt med politiet for å få råd.

– Dei er sjølve ganske fortvila, og seier at det er lite å gjere med det. Vi har også rapportert det til Facebook, men vi føler oss litt makteslause. Politiet seier dei ikkje har kapasitet til å følge opp, seier Karlsen til avisa.

Leder Veronica Søilen Halhjem for marked og kommunikasjon ved Oseana Kunst og Kultursenter.

BEKYMRA: Veronica Søilen Halhjem er leiar for marknad og kommunikasjon ved Oseana kunst og kultursenter.

Foto: Oseana Kunst og Kultursenter

Oseana kunst- og kultursenter i Bjørnafjorden kommune stod bak arrangementet som skulle vore med hypokonderlege Ingvard Wilhelmsen i november, men som blei kopiert av svindlarar og brukt i falske arrangement.

– Det er diverre eit fenomen i heile Kultur-Noreg for tida. Alt vi kan gjere er å rapportere dette til Facebook, sa Veronica Søilen Halhjem, leiar for marknad og kommunikasjon, til NRK.

Nordsted opplyser at dei har fjerna arrangement og deaktivert administratorane som retta seg mot Ingvard Wilhelmsen, etter at NRK skreiv om han førre veke.

Sletta 4,5 milliardar falske profilar

Facebook har no over 35.000 tilsette som jobbar med sikkerheit og har investert massivt i kunstig intelligens som gjer at dei oppdagar dei fleste svindelforsøka.

– Åleine frå januar til september i år har vi til dømes fjerna 4,5 milliardar falske profilar, og 99,5 prosent av desse er blitt fjerna proaktivt via systema våre, skriv Nordsted i ein e-post til NRK.

Kommunikasjonssjefen i Facebook i Norden vedgår at handhevinga deira ikkje alltid er perfekt og at arbeidet langt frå er over.

– Det er ei konstant utfordring fordi aktørane bak heile tida forsøker å utvikle nye metodar for å omgå systema våre, men det er eit problem vi tek svært alvorleg, og som vi er opptekne av å forhindre, skriv Nordsted.

Korona gjer Facebook avhengig av kunstig teknologi

– Kvifor er det slik at falske arrangement ikkje blir fjerna, sjølv om mange rapporterer dei? Folk fortel at dei får tilbake beskjed om at Facebook ikkje finn noko gale med det falske arrangementet. Betyr det at dette ikkje blir sett på manuelt av menneske?

– Ein del av forklaringa er at vi sidan mars har vore nøydde til å sende medarbeidarar heim på grunn av covid-19, medrekna også dei som arbeidar med innhaldsmoderering, skriv Nordsted.

Ho seier koronapandemien har ført til at Facebook har blitt meir avhengige av teknologi.

Samstundes har dei måtta «gjere nokre harde prioriteringar i innhaldsmodereringa for å sikre at dei ser på innhaldet med størst farepotensial først».

– Sjølv om teknologien vi brukar er noko av den mest avanserte kunstige intelligensen som for tida er i bruk, og den verkar på tvers av både hendingar, sider og profilar, er den dessverre ikkje perfekt. Det går likevel raskt framover og vi blir betre og betre til å finne og fjerne dårleg innhald før folk behøver å melde det til oss, skriv kommunikasjonssjefen.