MEIR LIV OG RØRE: Mosjonisten Rød likte den nye løypetraséen fordi han fekk sjå fleire folk undervegs.
Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK– Eg er mosjonist. Eg synest det skal vere lett å springe og vil ikkje la klokka bestemme for mykje.
Svein Erlend Rød frå Førde sprang 10 km-løpet i dag. Han har prøvd seg på halvmaraton eit par gongar, men likar milløpet er best.
Brukar milløpet som treningsmål
Rød og nokre kompisar trenar fast i vinterhalvåret, og avsluttar med Florø maraton rett vest på våren. Det blir reningsmålet for sesongen. Nokre av dei spring fleire løp i løpet av sommaren, og så møtes dei igjen til hausten og held fram med treninga mot neste vår og løp.
– Vi har det kjekt i lag! Og så konkurrerar vi litt oss i mellom. Vi må jo ha noko å snakka om og mobba kvarandre med, gliser Rød.
- LES OGSÅ: Vann sitt 162. maraton
Råka av finvêr og andre løp
TRAVEL SJEF: Leif Martin Reknes passa på at løparane sprang der dei skulle.
Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRKStemnesjef, Leif Martin Reknes, hadde ein travel dag som vegvisar for dei 353 påmelde løparane ved inngongen til Florø stadion. Maraton- og halvmaratonløparane skulle piskast vidare rundt banen, og dei som sprang 5 og 10 kilometer skulle visast mot målområde.
– Eg er litt skuffa over påmeldinga. Spesielt på barneløpet hadde eg håpa på fleire. Det er nok på grunn av det fine vêret. Og på langløpa er vi litt uheldige sidan det kolliderar med løpa i Bergen og Oslo.
I år har dei lagt om løypa for løpa i Florø maraton rett vest. I staden for at løparane starta utanfor byen og spring innover mot sentrum, var både start og mål lagt til Florø stadion i sentrum. Løparane sprang rundt stadion og ei sløyfe på 10 km nokre gonger, alt etter kva løp dei var med på.
- LES OGSÅ: Håpar fleire melder seg på i siste liten
KJEM TILBAKE NESTE ÅR: - Eg synest det gjekk greit. Eg sprang ikkje fort, men eg gjorde så godt eg kunne. Eg kjem tilbake neste år.
Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRKReknes har vore stemnesjef i nær 20 år, og har tidlegare vore involvert i Brekke idrettslag og ungdomslag. Neste år er han ferdig med å arrangere. Då vil han heller vere med å springe sjølv.
– Det er kjekt og sosialt å drive med. Vi er jo ein gjeng som lagar til dette i lag. Men eg er snart pensjonist, og planlegg å flytte til Bremanger. Så neste år får vi håpe dei finn ein ny leiar.
Sprunge 101 maraton, men ingen 5 km
Tore Mundal frå Lom sprang halvmaraton (ca. 2,1 mil) i dag. Elles er det heilmaraton (ca. 4,2 mil) han har flest medaljar frå.
– Eg har sprunge til saman 101 heilmaraton, og snart 60 halvmaraton. Eg har òg springe eit par løp på 10 km, men 5 km har eg ikkje prøvd enno.
(Artikkelen held fram under videoen)
SJÅ VIDEO: Løparane står klare for 10 kilometerløypa. (Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen/NRK)
Mundal byrja å springe for å slanke seg for snart 30 år sidan. Han gjekk ned mange kilo og så blei i så god form og glad i å springe at han byrja å konkurrere. Han har sprunge ulike løp i heile Noreg og fleire stader utanfor landegrensene, og no er det tiende gongen han spring Florø maraton rett vest.
- LES OGSÅ: Lyngstad sette ny personleg rekord
– Heilmaraton får eg kick av. Fyrst har eg forferdeleg vondt, men etter ein time byrjar eg å planlegge neste løp. Heilmaraton er noko heilt spesielt! Halvmaraton er mykje enklare. På heil blir du heilt utmatta, men på halv blir eg eigentleg berre anpusten og så går det fort over igjen.
Etter løpet var Mundal sliten, men nøgd. Han hadde berre godt å seie om den nye løpyetraseen.
– Den var heilt flott. Dei må fortsetje med den. Lett å finne fram, lett å springe den, og eg såg meir folk. Før sprang vi langt ute i øydemarka og såg nesten ingenting. No såg eg fleire løparar undervegs, og blei inspirert til å prøve å ta igjen folk. Eg kjem tilbake neste år!