Hopp til innhold

No er prisen på straum rekordlåg - men det er få som ber om fastpris

Trass rekordlåge straumprisar, er det få som ber om fastpris på straumen.

Strømpriser

SATSAR PÅ SPOTPRIS: Straumprisen er no den lågaste den har vore på fire år. Straumkundane vel å satse på denne form for straumhandel.

– Vi har nesten ingen som spør om dette. Den siste veka har vi kanskje hatt eit par stykker som har spurd etter fastpris, seier Rune Reed som er marknadssjef i Sunnfjord Energi.

Rune Reed

LITA INTERESSE: Rune Reed i Sunnfjord Energi seier få vel fastpris på straumen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Straumprisen er no den lågaste på fire år, og spotprisen var tysdag nede mot sju øre kilowat-timen.

Så langt i år er straumprisen halvert samanlikna med fjoråret. Men trass i rekordlåge prisar er det få som prøver å sko seg på det ved å be om fastpris på straumen.

Har ikkje tradisjon for å binde

Og trenden er den same hjå andre kraftleverandører. Sjølv om Sogn og Fjordane Energi i går hadde hatt litt fleire fastprisførespurnader enn normalt, er ikkje pågangen hjå dei heller akkurat stor.

Informasjonsansvarleg Kai Petter Sårheim trur mange avventar situasjonen.

– Eg trur dette har samanheng med at folk tradisjonelt sett ikkje har hatt for vane å binde straumprisen. Dette er også veldig vanskeleg å spå framover. Vi er veldig avhengige av veret og det trur eg folk ser, seier han.

Stor skilnad på spotpris og fastpris

Heller ikkje hjå Midtkraft i Buskerud som leverer straum til 105 kommuner er pågangen etter fastpris stor. Dagleg leiar Trond Lindseth trur det er få som tenkjer på fastpris no.

– Interessa er minimal. Med prisar så låge som no, er det få som vel dette. Når spotprisen er veldig låg, sler fastprisen feil ut. Å tilby ein kunde en pris på 39 øre når spotprisen er 12-15, blir feil.

Rune Reed i Sunnfjord Energi seier prisutviklinga kan bli gunstig for kunden over vinteren i år.

– Når vi ser på kraftprisen over tid, er det mest lønsamt å liggje på ein spotavtale, seier han.