I år er det 30 år sidan Olav Stedje gav ut si første soloplate. For å markere dette arrangerer Lutt-redaksjonen konsert med nokre av dei beste artistane frå Sogn og Fjordane.
– Artistane har sjølve plukka ut kva låtar dei vil framføre. Det blir eit knippe av dei mest kjende og vakraste melodiane Olav har gjort gjennom dei siste 30 åra. Her er det berre å glede seg til stor variasjon, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle.
Han skal leie sendinga saman med kollega Stein Aase.
- LES OGSÅ:
Lang artistliste
På artistlista står Tone Damli Aaberge, Sigrid Moldestad, Odd-Erik Lothe, Finn-Erix, Tyyl!, Håvard Lothe, Roger Allan Ivin, Liv Kreken og Dag Skram.
I tillegg blir sjølvsagt også Olav Stedje med på scena.
– Mellom låtane kjem vi til å gjere intervju og påfunn med artistane. Målet er å få vist kor mykje Olav har hatt å seie for norsk musikk gjennom dei siste 30 åra. Det er mogleg det også vil bli nokre overraskingar i løpet av kvelden, fortel Sjursen Takle.
- LES OGSÅ:
Direkte i nett-tv
Billettane til Stedjelutt vart utselde på kort tid, og det er sett opp ekstraframsyning. Men dersom ein ikkje har klart å sikre seg ein plass i salen, treng ein ikkje fortvile:
Heile konserten vert nemleg sendt direkte på nett-tv i NRK Sogn og Fjordane. Laurdag klokka 20.00 startar sendinga på nettsidene våre.
I tillegg vert det også sendt radioopptak på NRK Sogn og Fjordane måndag føremiddag.
(Artikkelen held fram under biletet)
Ein viktig heidersmann
– Kvifor arrangere ein slik konsert for Olav Stedje?
– Olav er den største artisten frå Sogn og Fjordane gjennom tidende. Han har gjennom 30 år har hatt ei høg stjerne i musikk-Norge. Han var ein banebrytar for å bruke nynorsk og dialekt i norsk musikk. I tillegg er han rett og slett ein heidersmann, seier Stian Sjursen Takle.
- LES OGSÅ:
Midt i Lutt-blinken
Lutt er NRK Sogn og Fjordane si satsing på musikk frå fylket. Satsinga inneheld både radiosendingar, nettside, Fylkestoppen, Luttprisen (årets artist frå Sogn og Fjordane) og det blir fleire gonger i året arrangert livekonsertar i kulturhus.
– For oss er feiringa av Olav Stedje midt i blinken. Vi får markert ein av dei største, samtidig som vi får vist fram fleire av dei andre talentfulle artistane frå Sogn og Fjordane. Dette blir rett og slett ein festkveld, seier Stian Sjursen Takle.
Ver tidleg ute
Dersom ein skal delta på ein av dei to konsertane på laurdag, er det lurt å vere tidleg ute.
Heile 45 minutt før konsertane opnar dørene til foajeen. Der blir det raud løpar, livemusikk, platesignering og utsalg av musikk og bøker.
Eit kvarter før førestillinga startar er det henta inn to Stedjekjennarar for å bygge opp stemninga i storsalen.