Hopp til innhold

Få med deg høgdepunkta frå Sommerbåten

Gjekk du glipp av sendingane, eller vil du sjå meir? Her får du gjensyn med nokre av dei mange minneverdige øyeblikka frå besøket i Hordaland.

Sommerbåten ankommer Leirvik

STORD: Sommerbåten sitt anløp til Leirvik var eitt av høgdepunkta frå Sommerbåten sitt besøk i Hordaland.

Etter nesten ein månad til sjøs kryssa endeleg Sommerbåten grensa til Hordaland, og i ei veke har heile landet få sjå noko av det fylket har å by på.

NRK har samla litt av det som har skjedd den siste veka på turen frå Os til Leirvik.

Kanskje får du sjå heimstaden din frå ei ny side, sjå deg sjølv eller folk du kjenner? Eller kanskje du får lyst til å utforske ein del av fylket du ikkje er kjent i?

Os 18. juli

Havnesjefen i Os

I PAPPAPERM: Havnesjefen i Os.

Foto: Jan Petter Svendal

Fyrste stopp for Sommerbåten i Hordaland, var i Os. Her trossa osingane vêr og vind, og eit fullpakka Os sentrum stod klare til å ta i mot båten laurdag for ei veke sidan.

Gjekk du glipp av sendinga frå Os? Her kan du få med deg innfarten, folkestemninga på kaien, musikk av Eirik Søfteland, og du får sjansen til å bli litt betre kjent med basketstjerna Karamo Jawara.

Du kan sjølvsagt også få høyre livshistoria til den myteomspunne hamnesjefen i Os.

Sommerbåten har lagt til kai i Os.

Odda 21. juli

Høge fjell, ein fantastisk fjord, bunadskledde tilskodarar og hardingar som plaska ut i det kalde vatnet for å bade, var nokre av syna som møtte Sommerbåten inn Sørfjorden mot Odda.

Gjenskapte Brudeferden i Hardanger

Brudefølget består av Åse Meling, Aurora A. Opheim, Margit Kvalvik, Åslaug Aarhus, Kari Lutro, Arne Kvalnes, Jan Vidar Meling og Hans Kristian Engmark.

Foto: Privat

På vegen møtte Sommarbåten også ein vennegjeng frå Hardanger som hadde brukt over ei veke på å planlegge det elleville stuntet med gjenskape Brudeferden i Hardanger.

I Odda stilte forfattar Frode Grytten for å fortelje om korleis det var å vekse opp mellom fjell og smelteverk på 70-og 80 -talet, Vidar Johnsen spelte, og programleiar Tarjei Strøm fekk måle sine ferdigheiter i morellesteinspytting mot noregsmeister, Sara Lutro.

Tarjei Strøm ble utfordret til morellsteinspytte-duell mot norgesmester Sara Lutro da Sommerbåten besøkte Odda.

Det blei også akrobatflyging av ypparste klasse, då Håkon Fosse synte fram kunstane medan båten la ut gjennom Hardangerfjorden.

Akrobatpilot Håkon Fosso viste fram spektakulære triks då Sommarbåten tok turen sørover i Hardangerfjorden.

SPEKTAKULÆRT: Håkon Fosse synte fram både salto og snurr i Hardangerfjorden.

Ulvik 22. juli

Vel framme på neste stopp i Ulvik kunne TV-sjåarane sjå dei frodige frukthagane og få høyre meir om korleis fruktbøndene her lagar saft, sylte og sider.

Åsmund Øydvind og Halldor Eidnes Folkedal frå Ulvik synte fram hallingdans eller lausdans, musikar Maya Vik song, og det blei sjølvsagt eit besøk på tunet til diktaren Olav H. Hauge.

På veg ut fjorden frå Ulvik mot Austevoll, dukka det opp eit heilt spesiell plakat med ein viktig beskjed i Ålvik i Hardanger.

Eilen Rykkje (30) var lei av å vente på at kjærasten Bjørn Olav Torpe skulle stille det viktige spørsmålet. Dermed gjorde ho det like godt sjølv, då Sommarbåten passerte Ålvik.

Eilen Rykkje fridde til kjærasten då Sommarbåten passerte Ålvik i Hardangerfjorden.

Eilen Rykkje (30) var lei av å venta på at kjærasten Bjørn Olav Torpe skulle stilla det viktige spørsmålet. Dermed gjorde ho det like godt sjølv, då Sommarbåten passerte Ålvik.

Bekkjarvik 23. juli

Sommerbåten hadde sin fjerde stopp i Hordaland, i Bekkjarvik i Austevoll. Her blei den losa trygt inn til hamn av eit enormt oppmøte av lokale i båt.

Sommerbåten ankommer Austevoll

AUSTEVOLL: Gjekk du glipp av innkomsten til Bekkjarvik og Austevoll? Her kan du sjå ferda om igjen.

I Bekkjarvik blei det musikk frå Razika og møte med nokre av dei mange lokale entreprenørane i Austevoll.

Sjølverklært villsaukonge Jon Inge Vik synte fram dei spesielle sauene, som går ute heile året på Austevoll. Noregsmeister i kokkekunst Ørjan Johannessen fortalde om oppveksten på heimstaden og om starten på kokkekarrieren som skulle ta han heilt til topps.

Norgesmeister i kokkekunst Ørjan Johannessen fortalde om oppveksten på heimstaden og om starten på kokkekarriera som skulle ta han heilt til topps.

Leirvik 24. juli

Mannskoret Storm Weather Shanty Choir sparka i gang sendinga frå Leirvik fredag, med brummande sjømannsviser. Gjekk du glipp av sendinga, er konserten med denne gjengen absolutt verdt å få med seg i klippet under.

Mannskoret Stormy Weather Shanty Choir sparka i gang sendinga frå Leirvik fredag, medbrummande sjømannsviser.

Til Leirvik kom også Hilde Eikeland og fortalde om korleis dei starta opp sin eigen festival på øya Huglo, og Krf-leiar Knut Arild Hareide stilte saman med mor Tordis Hareide.

Laurdag reiste Sommerbåten frå fylket, men det er framleis mykje spennande å få med seg vidare sørover i landet. Her er eit knippe bilete frå utfarten frå Leirvik og Hordaland:

LES OGSÅ: Her er reiseruta til NRKs sommerbåt