– Det handlar om identitet og tradisjonen vår. Alle stadnamn har ei tyding, og Noreg er eit land med millionvis av stadnamn, seier Kristian Solvang.
Solvang har hovudfag i stadnamn, og har sjølv systematisert 2600 namn frå si eiga heimbygd ved hjelp av ein kassettspelar og kart. Med over 250 000 stadnamn i Sogn og Fjordane, er det noko Solvang har forska mykje på.
– Mange av oss er jo nysgjerrige av natur, og dei fleste er interessert i namna kring seg. Stadnamn er knytt til noko konkret som ofte vert brukt i det daglege, fortel Solvang.
– Ein marknad for stadnamn
Det er mange som tar kontakt med Solvang for å få tydinga bak stadnamn.
– Det verkar som om det er ein marknad for stadnamn der ute. Mange slår av ein prat eller ringer meg for å få meir kunnskap om tydinga av namn.
- Les også:
– Skal ein vere ein god tolkar av stadnamn, må ein ha mykje lokal kunnskap, blant anna om gardsdeling og kystkultur, fortel Solvang.
Fleire av stadnamna har gamle tradisjonar bak seg.
– Dei fleste av oss har bakgrunn frå bondebygda, noko som gjer at vi har eit etternamn knytt til ein gard. Det er ei viktig årsak til interessa, seier Solvang.
Solvang går systematisk til verks for å finne tydinga av eit stadnamn. Veit han det ikkje sjølv, er det spesielt ei bok han går til for å finne svar.
– For oss som undersøkjer stadnamn og gamle ord, vil eg kalle Ivar Aasen si ordbok for Bibelen.
Framover vil du høyre Kristian Solvang ofte i NRK Sogn og Fjordane. Han skal gi forklaring på ulike stadnamn rundt om i heile Sogn og Fjordane. Stadnamnserien skal gå kvar måndag og onsdag i morgonsendingane, og i reprise på ettermiddagen. Nonsnipa er berre eitt av namna Solvang skal tyde for lyttarane. Alle episodane blir tilgjengeleg på nett.
- Les også: