Hopp til innhold

Eviny skal kutte 250 millionar kroner

Trass enormt overskot, skal energiselskapet Eviny nedbemanne. Høge straumprisar førte til at Eviny fekk eit overskot for fjerde kvartal i 2022 på heile 2,1 milliardar kroner.

Samstundes vart dei tilsette i konsernet informert om at kostnadene på stabs- og støttefunksjonar skal kuttast med 250 millionar kroner, skriv BA.

Eit kutt på 250 millionar kroner svarar til 30 prosent av kostnadene i stab- og støttefunksjonane. Desse funksjonane utgjer 270 årsverk, men det er ukjent korleis kutta skal skje.

– Dette skal vi få til gjennom effektivisering og kutt i eksterne kostnader, som konsulentbruk. Men også gjennom nedbemanning, seier Kristin Aadland, konstituert konsernsjef i Eviny, til BA.

I ein tidlegare versjon av meldinga stod det at Eviny skal kutte 270 årsverk. Dette stemmer ikkje, og Eviny opplyser til NRK at detaljane i kutta ikkje er avgjort. Meldinga er retta 10.14.