Hopp til innhold

Eviny sel kraft til fastpris

Eviny vil tilby fastpriskontraktar i område med eigen kraftproduksjon (NO5 og NO3). – Tidlegare har vi inngått langsiktige fastpriskontraktar med kraftkrevjande industri, såkalla industrikontraktar. Regjeringa har no lagt til rette for at vi skal kunne tilby fastpris også til andre delar av næringslivet, og det ønskjer vi å ta del i. Forhåpentleg kan dette vere til hjelp for bedrifter som vil vite kva straumen vil koste i ei tid der marknaden svingar mykje, seier Kristin Aadland, konstituert konsernsjef i Eviny.