Hopp til innhold

Eventyrar vil motivere andre til spennande opplevingar i naturen

Mellom dei mange som har tatt turen til frukt -og skibygda denne veka, er den kjente eventyraren Aleksander Gamme. Her skal han motivere andre som vil utforske og utfordre naturen.

Aleksander Gamme

HELD FOREDRAG: Aleksander Gamme skak halde kurs og vere turleiar under Fjellsportfestivalen i Sogndal denne veka.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

– Eg trur turar ofte blir annleis enn ein har tenkt. Det er ikkje alltid at dei store eventyra og dei store draumane oppfyller alle kriteria. Det kan vere dei små opplevingane og augneblikka som tel, seier han.

Aleksander Gamme er i Sogndal i samband med Fjellsportfestivalen som går av stabelen denne veka. Han skal halde ekspedisjonskurs og vere turleiar på fjellskiturar.

– Du må spørje deg sjølv om du verkeleg vil

Aleksander Gamme

FRUKOST I SOGNDAL: Aleksander Gamme er på plass i Sogndal.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Gamme er kjent som ein allsidig eventyrar. Han er mest kjent for verdas lengste skitur på 2274 km til Sydpolen. Han svarer slik når han får spørsmål om kvifor han byrja å gå lange turar.

– Livet består ofte av tilfeldigheiter. Eg har halde på med andre ting i mange år og trengde eit avbrekk – måtte ha nye mål. Eg var ikkje utprega friluftsmenneske då eg byrja for fullt for ti år sidan og hadde aldri lest om Nansen eller Ingstad, fortel han.

Likevel tok han sjansen og har tilbrakt mange timar på spennande turar. Men det er ikkje for alle å legge ut på er det for alle å leggje ut på ski i 2000 kilometer i eit isaude.

– Du må spørje deg sjølv om du verkeleg drøymer om det og har lyst. Då har du kanskje det som trengst. Men du må aldri undervurdere kva som ligg bak av trening, tid og pengar.

Likar å hjelpe folk å nå målet sitt

Det er ein trend at fleire og fleire klatrar på høge fjell og går over Grønland. Det har nærast blitt ein motefenomen å utfordre seg sjølv innan friluftsliv.

– Slik har det vore ei god stund, for høge toppar og lange vidder har blitt lettare tilgjengeleg for mange. For 20 år sidan var mykje av dette eksotisk. I dag er tante, onkel og bestemor på Kilimanjaro. Nordmenn har blitt eventyrlystne, seier han.

– Forsvinn litt av mystikken når til og med tante held på med det same som deg?

– For nokre er det sånt, men eg har jo levd av å ta med vanlege folk til Grønland. Det er fantastisk å hjelpe folk med å nå målet sitt, det er nærast mitt kall. Det å stå på toppen av fjell og tenke at dette hadde dei ikkje klart utan mi hjelp.

– Det er mange her på Fjellsportfestivalen som vil leve som deg. Har du eit tips til dei?

– Eg trur du skal vere veldig bevisst før du tek hobbyen din og gjer den om til yrkesveg, for det er fleire utfordringar med det, seier han.