Fryktar storflaum på Voss – vasstanden stig framleis

Regnet har allereie ført til tiårsflaum på Voss. I ettermiddag er det venta meir regn. – Me er vane med å evakuera, men eg har ei dårleg magekjensle, seier dagleg leiar ved Voss camping.

Flaum ved Voss camping

INNKØYRSEL: Slik ser det ut ved innkøyringa til Voss camping sundag føremiddag.

Foto: Birta Engeseth

Det er varsla om flaumfare på oransje nivå for for Hordaland og Sogn og Fjordane og Ottavassdraget i Oppland denne helga.

Sundag klokka 18 registrerte NVE sin målar for vasstand på Bulken eit nivå på 5,21 meter over nullpunktet.

– Me går eit usikkert døgn i møte, seier ordførar på Voss, Hans Erik Ringkjøb (Ap).

Her sluker nærmest vannmassene campingplassen. Vangsvatnet har gått over sine bredder.

Her sluker nærmest vannmassene campingplassen. Vangsvatnet har gått over sine bredder.

– Har blitt gode på å evakuera

Laurdag kveld byrja tilsette og gjester ved Voss camping å evakuera campingvogner.

– Me har evakuert mesteparten av vognene i den lågaste delen av campingplassen. Totalt er det snakk om i overkant av tjue vogner. No har Vangsvatnet stabilisert seg, så me avventar, seier dagleg leiar Alexander William Mathieson ved Voss camping.

Vangsvatnet har ei rekkje gonger gått over sine breidder dei siste åra. Ved kraftig nedbørsperiodar, som Vestlandet opplever denne helga, fyller elvar og bekkar seg opp – og Vangsvatnet flaumar over.

Den nye aktivitetsparken på Prestegardsmoen er i løpet av føremiddagen blitt gjort om til basseng.

– I 20-tida i går byrja me å flytta ut av vogna. Før midnatt var me flytta ut. No er vogna trygt plassert ved idrettshallen, fortel Oddvar Monslaup.

Han og Brita Engeseth sit i bilen på veg heimover til Sotra etter å ha gjort som mange andre campingjester dei siste timane. I morgontimane sundag har dei hjelpt andre med å flytta verdisaker og vogner.

– Hos mange står berre fortelta igjen. Desse er for det meste fortøydd slik at dei ikkje skal flyta avgarde dersom vasstanden blir høg.

Flytter campingvogner på grunn av flaum på Voss

FLYTTER VOGNER: Tilsette og gjester hjelper til med å flytta vogner frå områda som er i ferd med å flauma over.

Foto: Svein Ove Espeland

Fryktar større flaum enn venta

Monslaup og Engeseth to har budd på campingplassen i seks år. Dette er tredje gongen dei evakuerer.

– Me har blitt flinke til å evakuera. For oss er det enkelt, me kan berre pakka saman og reisa. Det er verre for dei som bur nær vatnet og opplever dette, seier Engeseth.

I 11-tida sundag starta vatnet å flyta innover campingplassen. Campingsjef Mathieson anslår at det enkelte stader står mellom 10-15 centimeter med vatn på campingplassen.

– I starten var me litt avventande, for det steig ikkje så fort. Men det har stort sett regna i eitt sett. Magekjensla mi seier at dette kan vera ein litt større flaum enn det me såg for oss.

Laster Twitter-innhold

Ordføraren: –

Utover sundag ettermiddag og kveld er det venta til dels kraftig regn i store deler av Hordaland og Sogn og Fjordane.

Ordførar Hans Erik Ringkjøb (Ap) seier situasjonen til no er under kontroll, men han er spent på kor mykje regn som kjem utover dagen.

Sundag ettermiddag åtvarar han i eit Facebook-innlegg innbyggarane sine om kva det neste døgeret kan ha i vente.

– Det er viktig å sikra alt av verdiar som kan bli råka av flaum, skriv Ap-ordføraren.

Voss kommune følgjer sitausjonen utover dagen tett.

– Vasstanden er allereie høgare enn det han var tidlegare denne veke. Då var flaumvarselet gult, så det er vel trygt å seia at det var riktig å oppjustera til oransje farenivå, seier Ringkjøb til NRK.

Klokka 18.15 har dei oppdatert heimesidene sine med at vasstanden i Vangsvatnet framleis stig. Og at dei har mannskap ute som held seg orientert om flaumsituasjonen fortløpande.

Også i Odda har folk fått merka nedbøren. Brannvesenet har rykka ut til eit hus i Odlandsvegen, der vatn har trengt inn i kjellaren.