Hopp til innhold

Evakuerer eldresenter etter brannalarm

Politiet starta evakuering av eit eldresenter på Nesttun etter at ein brannalarm gjekk av like før kl 14. Det viste seg at røyken stamma frå matlaging i ei leilegheit.– Akkurat no er det nok ikkje trong for full evakuering, men me måtte starta evakuering før me fekk klarheit i kor røyken kom frå, seier operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt.