Eva Weel Skram med intimkonsert på Åmot operagard

Eva Weel Skram og ektemannen Thomas Stenersen er blitt ein av norges største popduoar. Det siste året har dei opplevd stor suksess. Her kan du nyte konserten deira på Åmot operagard.

Eva Weel Skram og ektemannen Thomas Stenersen er blitt ein av norges største popduoar. Det siste året har dei opplevd stor suksess. I denne konserten frå Åmot operagard, midt mellom fjell og fjord i Sogn og Fjordane, får du oppleve dei to i ein stemningsfull og intim konsert. Mellom anna framfører dei "Selmas sang" frå NRK sin julekalender.

NYT EIN FLOTT KONSERT: Sjå og høyr Eva Weel Skram sin intimkonsert på Åmot operagard.

– Dette blir flott og fargerikt. Eva og Thomas er to artistar som alltid leverer magiske ting, seier prosjektleiar i NRK Sogn og Fjordane Stian Sjursen Takle.

På grunn av at NRK sitt TV-utstyr tok så mykje plass vart det berre plass til 70 publikumarar på konserten, som vart spelt inn i september.

– Det var ei veldig kjekk oppleving. I løpet av dei to dagane innspelinga tok så kom vi svært tett på artistane, og fordi lokala er så små så trur eg at dei som ser konserten fredag kveld kjem til oppleve det som dei nesten er på sjølve konserten, seier Sjursen Takle.

Eva and the Heartmaker på Åmot gard speler Selmas sang frå julekalendaren Snøfall

SJÅ OG HØYR SANGEN HER: Eva and the Heartmaker framfører «Selmas sang» som er kjenningslåta i julekalenderen Snøfall på NRK.

– Eg trur ikkje det er mange konsertar der du får kome så tett på artistane, seier Sjursen Takle.

På konserten framfører ho eigne låtar, men også songar frå då ho var med på «Hver gang vi møtes». Ein av songane på konserten er nok ein som mange kjem til å stifte bekjentskap med, nemleg «Selmas sang» frå NRK sin julekalender.

– Dette var aller første gong at Eva og Thomas framførte «Selmas sang» på ein konsert, konserten vart jo innspelt i slutten av september. Versjonen ho gjer her er heilt akustisk, og der ho syng og spelar piano med Thomas på gitar. Det er ei god oppleving, seier Sjursen Takle.