Hopp til innhold

Enorm interesse frå Europa for å pumpe CO₂ ned i norsk havbotn

Interessa for lagring av CO₂ i Nordsjøen er stor i Europa. «Banebrytande» avtalar skal sikra at klimagassar blir lagra djupt under havoverflata.

CO₂ i atmosfæren
419,7 ppm
1,5-gradersmålet
+1,08 °C
Les mer  om klima

Nye røyr vert bora ned frå ei plattform i Nordsjøen.

I fleire tiår har ein gjort dette, for å hente opp olje og gass langt under havoverflata.

Men denne gongen skal ikkje noko hentast opp.

Om to år skal store mengder CO₂ sendast ned i røyra.

Fleire tusen meter under havoverflata skal den klimafarlege gassen lagrast, slik at den aldri når atmosfæren og bidreg til klimaendringar.

Platformen Transocean Enabler om dagen.
Foto: Northern Lights

– Europearar er spesielt interesserte

Prosjektet med å lagre karbon, eller CO₂, i Nordsjøen vart kalla «Langskip» og er drive av selskapet Northern Lights.

Totalt skal staten bruke 19 milliardar kroner på å lagre klimagassen i berget under havet.

Det meiner olje- og energiminister Terje Aasland er ein god investering.

– Det er stor interesse for det over heile verda, men Europa er spesielt interessert. Det meiner eg er ein veldig god ting.

I mai inngjekk Noreg ein «banebrytande» avtale med Storbritannia om å lagra klimagassar frå London sitt søppel i Nordsjøen.

I tillegg har fleire selskap inngått avtalar eller vist interesse:

– Del av løysinga for framtida

Verda må avgrensa den globale oppvarminga, aller helst ved å kutte så mykje utslepp som mogleg.

Men ein kan også grave utsleppa ned, langt under havbotnen.

På Riggen Transocean Enabler, nokre mil vest frå Bergen, er dei over halvvegs i arbeidet med å gjere røyr og pumper klare.

– Dette er utruleg spanande, dette er ein del av løysinga for framtida, seier olje- og energiminister Terje Aasland som er på besøk på riggen.

Terje Aasland med gul jakke og hjelm ute på ein oljerigg.

Olje- og energiminister Terje Aasland seier han har stor tru på den europeiske marknaden.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Les også: Yara signerer kjempeavtale med «Langskip»

Yaras anlegg i Sluiskil, Nederland
Yaras anlegg i Sluiskil, Nederland

Billigare å sleppe ut klimagassen

Energiministeren meiner interessa frå Europa gjer det interessant å vidareutvikle prosjektet til noko lønsamt.

For det er nemleg ikkje noko å tene på å sende klimagass under havbotn, reint økonomisk.

– Akkurat no er det diverre billegare å sleppe det ut og betale kvotepris, enn å handtere CO2en, seier administrerande direktør i Northern Lights, Børre Jacobsen.

Likevel meiner han at det ikkje er langt frå å vera lønsamt.

– Eg trur me nærme oss. Me ser ein enorm interesse for karbonfangst og lagring, fordi prisen på utslepp går opp.

Børre Jacobsen, administerande direktør Northern Lights, med hjelm og gul jakke, ser inn i kamera, smiler. Står ute på oljerigg.
Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Skal framleis pumpe opp olje og gass

Enn så lenge er det berre nokre få anlegg for karbonfangst i verda.

Om slike anlegg skal redde jordkloden, må det byggast eit nytt anlegg kvar einaste dag, viser utrekningar NRK gjorde i 2020.

I Noreg er det ingen planar om å slutte med utvinning av olje og gass med det første.

Er det ikkje eit paradoks at ein skal redda klima ved å lagra CO₂ i havet, mens ein framleis pumper olje og gass som gjer CO₂ i atmosfæren?

– Nei, det er det ikkje. Det at Noreg er ein langsiktig leverandør av energi i Europa er svært viktig, meiner olje- og energiminister Aasland.