– Norge har som alle andre land godt av å bli kika i korta om vi etterlever menneskerettane. Dersom vi ikkje gjer det må det ryddast opp, seier Ingjerd Schou (H), leiar i den norske delegasjonen i Europarådet.
Schou presiserer at ho uttalar seg om barnevernet generelt, ikkje om naustdalssaka spesielt.
Naustdalssaka som bakteppe
Det var Europarådet sin komite for sosiale saker som i juni i år kom fram til at det skal gjennomførast ei gransking av norsk barnevern. Bakgrunnen er den svært omstridde Naustdalssaka i Sogn og Fjordane, der eit norskrumensk kristent foreldrepar vart fråtekne fem barn.
Naustdalssaka førte til eit veldig engasjement med
mot norsk barnevern. I den samanheng bad ein rumensk og moldovisk parlamentarikar om at ein må sjå nærare på norsk barnevern.- Les også:
- Les også:
Det norskrumenske
og saka skal opp i retten. etter om lag eit halvt år i fosterheim, etter at kommunen trekte saka. Foreldra bestemte seg i sommar for å . Frykt for norsk barnevern vart brukt som grunngjeving.Norge må som alle andre land godta å bli kika i korta av Europarådet, seier Ingjerd Schou (H), leiar i den norske delegasjonen i Europarådet.
Foto: Karlsen, Anette / NTB ScanpixRapport
I samband med granskinga i regi av Europarådet skal det utarbeidast ein rapport om det norske barnevernet. Vanlegvis tar det mellom eit og to år før rapporten er ferdig.
- Les også:
Heller ikkje nestleiar i den norske delegasjonen til Europarådet, Lise Christoffersen (Ap), har noko imot at norsk barnevern blir granska.
– Det er fint at norsk barnevern blir granska. På den måten vil det kunne bli lagt fram ein rapport som viser dei faktiske forholda, seier ho.
– Men er du ikkje redd for at det i rapporten blir slått at norsk barnevern bryt menneskerettane?
– Nei, det føler eg meg veldig sikker på at konklusjonen ikkje blir. Vi veit ikkje kor brei rapporten blir, men det kjem sikkert til å kome fram enkelte døme på at barnevernet har vurdert feil. Christoffersen presiserer at ho uttalar seg om norsk barnevern generelt, ikkje naustdalssaka.
Vil ikkje kommentere
Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, ønskjer ikkje å la seg intervjue om at barnevernssaka i kommunen hans er bakgrunnen for ei internasjonal gransking av norsk barnevern.
Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, ønskjer ikkje å kommentere at barnevernet i kommunen hans er bakgrunnen for at norsk barnevern skal granskast.
Foto: NRKMen i eit e-post skriv han følgjande: «Vi har ikkje kjennskap til dette og ei internasjonal gransking ligg dessutan utanfor vårt naturlege område å kommentere». Ordføraren i Naustdal har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.
Schou meiner det blir feil å tru at menneskerettane blir brotne berre i andre land.
– Stort sett er det mykje bra i Norge, men det er ikkje slik at menneskerettane blir brotne i andre land, men aldri i Norge, seier ho.