Per Svein Reed er mellom dei saksøkte. Arkivfoto NRK
Bakgrunnen er eit mislukka forsøk på å kjøpe deler av selskapet, skriv Dagens Næringsliv. Norsk Aller vil nemleg ikkje gje opp kampen om å få hand om det lønsame selskapet.
Dominerande rolle
Eurofoto på Breim har på kort tid opparbeidd seg ei dominerande rolle i den norske marknaden på kopiering av digitale bilete på papir. Selskapet tener gode pengar og har ein omsetnad på 30 millionar kroner, og har 15 heiltidstilsette. Selskapet leverer blant anna fototenester til VG, Aftenposten, Sol og Telenor frisurf.
Avtale med Norsk Aller
Suksessen til bedrifta som er eigd av blant andre Per Svein Reed, Atle Hauge og Øystein Reed Bratten har gjort den attraktiv for potensielle oppkjøparar. Og for to år sidan, då omsetnaden var nær halvparten av dagens, inngjekk Eurofoto ein avtale med forlaget Norsk Aller.
To styremedlemmer i Eurofoto
Ifølgje Dagens Næringsliv skulle Eurofoto då overta privatdelen av Aller-gruppa si eiga digitale fotototeneste, Mine Bilder. Samstundes skulle Norsk Aller gå inn i Eurofoto med fire millionar kroner i kapital, pluss pengar til marknadsføring, mot at dei fekk ein eigardel på 34 prosent. Norsk Aller har og hatt to styremedlemmer sidan 2003.
Eurofoto heva avtalen
Partane var ikkje samde om alle detaljane i avtalen, og Eurofoto meiner dei dermed har rett til å heve avtalen. Men Norsk Aller vil ikkje gje slepp på mogelegheitene til eigardeler i det gullkanta selskapet, og saka hamnar no altså i retten.
- Udramatisk
Ein av dei saksøkte, Atle Hauge, seier til NRK Sogn og Fjordane at han ser på søksmålet som udramatisk. Tvertimot ser han fram til å få prøvd tvisten for retten, og han meiner selskapet hans har ei god sak.