Hopp til innhold

EU-landa samde om å kutte gassbruken med 15 prosent

Medlemslanda i EU er samde om å redusere gassbruken. Planen er ikkje obligatorisk – «før det vert krise».

DZGiLADreNw

Energikommissær Kadri Simson opplyste tysdag at gasslagera nå er på 66 prosent. Det betyr at de fyllast sakte opp mot målet som er 80 prosent i november.

Foto: NIKOLAY DOYCHINOV / AFP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

NRK fortalde i førre veke at EU-kommisjonen – som ein respons på den usikre gassflyten frå Russland – ville påleggje medlemslanda å kutte i gassforbruket med 15 prosent frå 1. august.

Målet var at medlemslanda ville godkjenne planen for å kome seg «trygt gjennom vinteren» under det ekstraordinære energiministermøtet i Brussel denne veka.

Tysdag vart planen vedteke, om enn i noko vatna ut form.

Blant anna er øystatar som Malta og Irland og andre land med «særskilde geografiske føresetnader» («specific geographical or physical situation») unnateke dei strengaste reglane.

Avtalen legg likevel opp til at også desse kan bli påtvinga obligatoriske gasskutt «ved ein nødssituasjon».

Planen gjeld for perioden 1. august i år til 31. mars neste år.

– Dette viser at medlemslanda står imot forsøk frå Russland på å skape splitting i EU ved å bruke energi som våpen, seier den tsjekkiske ministeren Józef Síkela.

Ifølgje Bloomberg stemde Ungarn imot forslaget.

– Planen er full av hol og viser kor vanskeleg energipolitikk er i EU, skriv Brussel-korrespondent Alf Ole Ask i avisa Energi og Klima.

Same avis har tidlegare skrive at presset om å kome fram til eit vedtak har vore stort «fordi det politisk ikkje vil sjå bra ut om EU ikkje vart samde».

hXUNIXJPHMc

Energiminister i Ukraina, German Galushenko, under ekstraordinære energiministermøtet i Brussel denne veka.

Foto: Virginia Mayo / AP

Konsekvensen er høge energiprisar

Dette er første steg mot fullstendig utfasing av russisk gass frå det europeiske energisystemet, seier NTNU-professor Asgeir Tomasgard.

Han legg til at «reduksjonen kjem av at Russland bruker gasstilførselen som politisk brekkstong».

Konsekvensen er antakeleg høge energiprisar og energiknappleik i Europa fram til den russiske gassen kan erstattast av LNG, elektrifisering, og energieffektivisering. Både norsk gass og energiomstillinga blir endå viktigare.

Jonas Gahr Støre og Olaf Scholz, som begge er sosialdemokrater, gratulerte hverandre med regjeringsovertakelse etter at de begge vant valg i fjor høst. Scholz fremhevet det nære samarbeidet mellom Norge og Tyskland, både økonomisk og som Nato-allierte.

DÅ HAN MØTTE HAN: I januar møtte statsminister Jonas Gahr Støre den tyske forbundskanslaren for å få han til bruke norsk gass i ein overgangsfase til grøn energi.

Foto: MARKUS SCHREIBER / AP/NTB

Russland driv med utpressing

Den europeisk kriseplanen kjem etter at Russland strupa gassleveransane til kontinentet som følgje av det EU-kommisjonen kallar eit «forsettleg («deliberate») forsøk på å bruke energi som eit politisk våpen».

Russland driv med utpressing, sa president i EU-kommisjonen Ursula von der Leyen då ho la fram planen.

Planen har likevel vore omstridd og ifølgje nettstaden Politico har 12 (av 27) medlemsland hatt ulike innvendingar.

Dette er skikkeleg Mission Impossible-stoff. Sjølv ikkje Tom Cruise ville greidd å få gjennom dette, uttalte ein EU-diplomat til avisa.

Den portugisiske energiministeren Joao Galamba sa for berre nokre dagar sidan at han var «bastant motstandar» («totally against») planen.

Planen tek ikkje omsyn til forskjellane mellom dei ulike landa, sa han.

(FILES) In this file photo taken on March 26, 2019 men work at the construction site of the Nord Stream 2 gas pipeline in Lubmin, northeastern Germany. - German Chancellor Olaf Scholz said on Februrary 22, 2022 that he was suspending the Nord Stream 2 pipeline project with Russia in response to Moscow's recognition of two breakaway regions in Ukraine. (Photo by Tobias SCHWARZ / AFP)

NORD STREAM 2: Gassrøyrleidninga skulle sikre energiforsyninga mellom Russland og Tyskland, men har sidan vorte til politisk sjenanse for tyskarane.

Foto: TOBIAS SCHWARZ / AFP

Ein fordekt plan for å hjelpe Tyskland

Andre har innvendt at planen for alle praktiske formål er ein fordekt plan for å hjelpe Tyskland ut av ei energikrise dei har seg sjølv å takke for.

Politico gjer eit poeng av denne kritikken kjem som ein slags «takk for sist» frå land i Sør-Europa som tidlegare har måtte stå skulerett for nettopp Tyskland.

Måndag melde den russiske energigiganten Gazprom at leveransane av gass til Tyskland på ny vil bli redusert. Denne gongen frå 40 til 20 prosent av full kapasitet.

Frankrike, Nederland og Polen, på si side, har vore opptekne av å verne ein større porsjon av den nasjonale sjølvråderetten i energipolitikken.

EU har vedteke at gasslagera skal vere 80 prosent fulle innan november. Eit lågare nivå kan bety rasjonering av gass til vinteren. Akkurat no er gasslagera i Europa om lag 66 prosent fulle. Ifølgje BBC kan det bli vanskeleg å nå målet på 80 prosent fylling.

Sofie Marhaug (Raudt) i energikomiteen på Stortinget seier den europeiske kriseplanen bør akkompagnerast av ein norsk kriseplan.

Vi ser at EU tek grep for å gjere seg mindre avhengig av russisk gass, som i sin tur betyr at dei europeiske landa må spare på straumen. Det tyder at vi må ha ein nasjonal kriseplan for sørgje for at vassmagasina ikkje blir tappa, og for å regulere prisane i tida som kjem.