Hopp til innhold

Ettertrakta masker blir laga i eigen fabrikk i Noreg

Då pandemien starta, var Noreg fullstendig avhengig av smittevernutstyr frå utlandet. No sikrar ein fabrikk på Stord for første gong norsk produksjon av viktig andedrettsvern.

Andedrettsvern

LAGA I NOREG: Andedrettsvern er nødvendig for helsepersonell som behandlar svært smittsame pasientar.

Foto: Byrået Sydvest

Koronakommisjonen slo nyleg fast at styresmaktene var dårleg førebudde på pandemien, og at dei burde hatt meir smittevernutstyr på lager.

– Regjeringa visste at det med stor sannsyn ville vera vanskeleg å skaffa smittevernutstyr ved ein pandemi. Likevel var lagra nærast tomme, sa kommisjonsleiar Stener Kvinnsland då han la fram rapporten 14. april.

Det siste året er det inngått ei rekkje avtalar med norske verksemder. Det er no berre hanskar som ikkje er blitt produserte i Noreg.

2,5 millionar andedrettsvern

Andedrettsvern har vore blant det vanskelegaste å få tak i. Dei er lite brukte i helsevesenet til vanleg, men heilt nødvendige under ein pandemi med svært smittsame pasientar.

I fjor sommar fekk Uniqon AS på Stord tildelt ein kontrakt frå Sjukehusinnkjøp om å levera 2,5 millionar andedrettsvern innan to år.

Produksjonen er no i gang, og det blir laga fleire titusen masker kvar veke.

– Helsearbeidarar seier det er mogleg for dei å gjera jobben sin utan at dei ønskjer å ta av seg maska. Dei får ikkje slike raude merke i ansiktet, seier fabrikksjef Job Nooitgedagt.

Job Nooitgedagt i Uniqon Protection AS

FABRIKKSJEF: Job Nooitgedagt har ansvaret for å produsera bestillinga på 2,5 millionar andedrettsvern på Stord framover.

Foto: Uniqon Protection AS

Forsyningslinene braut saman

– Dette er eitt av dei mest kompliserte produkta me treng. Det er difor imponerande at me har fått i gang produksjon av andedrettsvern på Stord, seier administrerande direktør i Helse Sør-Øst, Cathrine M. Lofthus.

Det siste året er det gjort innkjøp som svarar til 130 års normalforbruk av andedrettsvern.

Helse Sør-Øst har koordinert arbeidet med å skaffa utstyr til eit nasjonalt beredskapslager. Lageret er fylt opp med hanskar, andedrettsvern, smittevernfrakkar, briller og visir. Det dekkjer eit forbruk på minst seks månader.

Cathrine M. Lofthus

UTFORDRANDE: – Då det stod på som verst, måtte me leita etter nye leverandørar av andedrettsvern ute i verda, seier administrerande direktør Cathrine M. Lofthus i Helse Sør-Øst.

Foto: KNUT RØSRUD / NRK

Usikker framtid for norske leverandørar

– Pandemien viste at både kommunar, sjukehus og også Helsedirektoratet sjølv, hadde gjort seg for avhengig av den globale marknaden og at forsyningslinene skulle fungera. Det er viktig å ha fleire bein å stå på, seier Lofthus.

Kontraktane med norske leverandørar er likevel tidsavgrensa, og fleire av dei er allereie avslutta. Det gjer leverandørane usikre på framtida.

Statssekretær Saliba A Korkunc i Helse- og omsorgsdepartementet (H)

SÅRBARE PRODUKT: Statssekretær Saliba Andreas Korkunc i Helse- og omsorgsdepartementet seier at målet er å sikra framtidig norsk produksjon av smittevernutstyr.

Foto: Esten Borgos

Helse- og omsorgsdepartementet er klare på at det er eit mål for dei å sikra norsk produksjon av smittevernutstyr også etter koronapandemien.

– Ja, det er det. Det er veldig positivt for den nasjonale beredskapen at me også har innanlands produksjon av smittevernutstyr, seier statssekretær Saliba Andreas Korkunc.

Det er likevel ein liten del av alt smittevernutstyret som er norskprodusert. Norske munnbind er levert sidan slutten av september i fjor, og utgjer i underkant av 4 prosent av totalen, ifølgje Helse Sør-Øst.

– Me kan ikkje vera sjølvforsynte med smittevernutstyr i all framtid, og må samarbeida meir med landa i Norden og Europa, understrekar Korkunc.

Trur på etterspurnad etter pandemien

Helsedirektoratet har fått i oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet å greia ut beredskapslagring i framtida, inkludert samarbeid med norsk næringsliv.

Andedrettsvern

I RUTE: Fabrikken på Stord sender no ut mange titusen andedrettsvern i veka.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Uniqon Protection AS på Stord har rundt 25 tilsette. Fabrikksjef Job Nooitgedagt trur dei kjem til å ha nok å gjera.

– Under pandemien er etterspurnaden størst, men me trur at me også etter pandemien kjem til å vera levedyktig og vera etterspurt i helsesektoren og andre industriar i lang tid framover.

Fredag er det offisiell opning av fabrikken.