Ettersløkking etter brann

Brannvesenet driv no ettersløkking etter brannen i ein bustad i Vågsøy i Kinn. Det var i 15-tida at naudetatane rykte ut til brannen. Politiet skriv på Twitter at brannårsaka er ukjend, og at dei opprettar sak.

Bustadbrann, Raudeberg, Kinn
Foto: Seline Larsen / NRK