Karterudseter vart drepen natt til torsdag, og vart sist sett saman med somaliaren same natt. 35-åringen fekk innvilga ferie hos arbeidsgjevaren, og tok nattbussen frå Sogndal til Oslo torsdag kveld. Politiet har enno ikkje klart å finne mannen.
Påliteleg
Arbeidsgjevaren opplyser at 35-åringen reiste til Somalia sist han hadde ferie. Mannen blir karakterisert som svært påliteleg, og skal aldri ha skofta ein dag på arbeidet. Han har arbeidd på denne arbeidsplassen i eit og eit halvt år.
- Kom som eit sjokk
Arbeidsgjevaren seier at det kom som eit sjokk, då han fekk vite at den tilsette er involvert i denne saka. Det var i går politiet fortalte at somaliaren var sett saman med Karterudseter berre nokre hundre meter frå folkehøgskulen der ho var elev. Politiet har poengtert at mannen er etterlyst som vitne i saka.