Hopp til innhold

Etterlyser vitne etter at 11-åring blei dytta inn i hekk

Politiet ber folk som kan ha sett noko når ein 11-åring blei dytta inn i ein hekk i Øvre Årdal, om å melde seg snarast.

Magne Knudsen

ETTERFORSKAR: Lensmann Magne Knudsen ber folk som kan ha sett noko om å melde seg.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Det var onsdag ettermiddag den unge guten blei følgd etter av ein mann på veg heim frå skulen mellom sentrum i Øvre Årdal, over brua og opp mot Vee.

– På denne strekninga var det ein kontakt som medførte at han som følgde etter dytta guten inn i ein hekk. Guten fekk vondt i venstre hand og arm, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

Dei har førebels ikkje vore i kontakt med vitne som har sett sjølve hendinga, og ønskjer å kome i kontakt med folk som var i området mellom Farnes og Vee etter klokka 14.30 onsdag.

Guten har i avhøyr fortalt at mannen som følgde etter han, hadde mørk hudfarge. Lensmannen stadfestar at dei har vore i kontakt med asylmottaket etter hendinga.

– Vi har sjølvsagt asylmottaket med i den vidare etterforskinga og samarbeider med dei. Men det er også andre mørkhuda som bur i Årdal som ikkje er asylsøkjarar. Vi får sjå kva dette bringer.

– Ser politiet alvorleg på hendinga?

– Når ein dytter til små barn som går heim frå skulen, så er ikkje det ein adferd som vi ønskjer, slår Knudsen fast.

SISTE: Klokka 15 torsdag seier lensmann Magne Knudsen til NRK at det førebels ikkje har meldt seg vitne til hendinga.

– Vi har i dag snakka grundig med 11-åringen, og vi er temmeleg sikre på at det ikkje har vore nokon kontrovers eller kontakt mellom dei to før hendinga.