Hopp til innhold

Etterlyser svart Mercedes etter asylbrannen

Politiet vil ha tak i eigaren av ei svart stasjonsvogn som vart observert i området ved asylmottaket som brann i helga.

Brann hotell lune huler i Lindås

FLAMMEHAV: Brannmannskapa vart møtt av kraftig røyk og store flammar då dei rykte ut til det kommande asylmottaket ved Vågseidet i Lindås.

Foto: Oddbjørn Rosnes / NRK

Etterforskinga av brannen på det kommande asylmottaket i Lindås natt til søndag held fram for fullt. Politiet i Nordhordland har bekrefta at nokon sette fyr på bygningane og at dei no leitar etter ein eller fleire brannstiftarar.

Tysdag går dei ut med ei etterlysing av ein svart Mercedes stasjonsvogn eller sedan, som vart observert i området i det aktuelle tidsrommet då brannen starta.

– Vi er veldig interessert i å få kontakt med dei som har køyrd denne bilen, seier politiførstebetjent Glenn Ulrik Våge til NRK.

Kripos hjelper til

Det er gjennomført fleire avhøyr i etterforskinga og mange har også meldt seg til politiet for å forklare kor dei var natt til søndag. Politiet er naturleg nok interessert i fleire tips, og publikum kan melda seg til telefon 02800.

Hotell Lune Huler fekk fredag godkjenning frå UDI om å bli asylmottak med plass til 40 mindreårige asylsøkjarar. Det er Norsk Mottaksdrift som skal stå for drifta, og dei har i ettertid sett inn brannvakter på dei andre mottaka sine.

Politiet har kopla inn Kripos i saka.

– Dei kjem til brannstaden først måndag neste veke, fordi der ikkje finst ledige brannhundar, fortel Våge.

Lune Huler hotell totalskadd i brann

Deler av bygningane tilknytt Hotell Lune Huler er totalskadd etter brannen. Målet er likevel å setje opp nye bygg slik at asylmottaket kan vera i drift frå januar av.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Sterke reaksjonar

Naboar i lokalsamfunnet på Lindås i Nordhordland har reagert sterkt på at nokon har sett fyr på det kommande asylmottaket.

– Det er nifst at folk kan tenne på dette. Ein må ha sine meiningar, det har vi alle lov til, men ingen har lov til å gjere slikt. Eg håpar dei tek dei, sa hyttenabo Per Juuhl til NRK i går.

Hotelleigar Jenfrid Stellberg takkar for støtta, og seier at målet framleis er å kunne ta i mot einslege mindreårige i naud i løpet av januar månad.