Hopp til innhold

Etterlyser eit tilbod utanfor Oslo

Fagrådet innan Rusfeltet i Norge er ikkje overraska over den eksplosive auken i overdosedødsfall i distrikta. Men dei er likevel skremde over det dei ser.

Narkotika i distrikta

STADIG MEIR: Narkotika og overdoser er i ferd med å bli eit større problem også utanfor hovudstaden. No slår fagfolk alarm, og ber om meir merksemd rundt problemet i distrikta.

Foto: Simon Solheim / NRK

Erling Pedersen

KRITISK: Erling Pedersen meiner det er på tide ikkje berre Oslo får eit tilbod.

Foto: Ketil Jordan/NRK

– I Oslo har dei eit større tiltaksapparat fordi narkotika har vore eit stort problem. Andre stader er det ingen hjelp å få, seier Erling Pedersen.

Han er leiar for Fagrådet innan Rusfeltet i Norge, og meiner utviklinga har gått frå galt til verre når det gjeld overdosedødsfall i distrikta.

Frå 1999 til 2009 har over 3200 rusmisbrukarar døydd som følgje av overdose i Norge.

Samanlikna med andre europeiske land ligg Norge heilt i toppen på statistikken over overdosedødsfall i befolkinga.

– No må heile landet få merksemd

NRK.no fortalde søndag om Børre (42) og venene hans i Florø, som opplever at narkotikamiljøet i småbyen blir hardare og hardare.

Det samsvarer med røynslene til Statens institutt for rusmiddelforsking (Sirus), som viser at storparten av overdosane i Norge no skjer utanfor hovudstaden.

– Nygårdsparken i Bergen er den største opne narkotikascena i heile Norden. I Oslo er det ikkje så ope lenger, for der er det nærleik til hjelpetilbodet, seier Pedersen.

– Oslo har fått pengar til å finansiere tiltak for dei narkomane, men det er i dag andre byar som har langt større problem. Overdosedødsfalla har eksplodert sidan 1998. No må heile landet må få merksemd frå politikarane, seier han.

(Artikkelen held fram under grafikken)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Statssekretær legg seg flat for kritikk

Tord Dale

BETRE TILBOD: Statssekretær Tord Dale meiner Regjeringa kan gjere endå meir for rusmisbrukarane.

Foto: NRK

– Miljøet har blitt svært omfattande, og utviklinga er veldig alvorleg. Det kjem til å bli verre i distrikta dersom fleire sike miljø får fotfeste. Det blir katastrofalt om dette held fram, seier forskar Ellen Amundsen i Sirus.

I eit intervju med NRK.no legg statssekretær Tord Dale i Helse- og omsorgsdepartementet seg flat for kritikken frå faginstansane og brukarane sjølve.

– Eg synest det er forferdeleg. Det er altfor mange som døyr av overdoser. Og det er svært uheldig at det er etablert eit miljø der det ikkje har vore før, seier han.

– Kva må gjerast for å bukt med dette?

– Vi må gje eit mykje betre tilbod til dei som slit med rus og avhengigheit. Dei som treng avrusing må ikkje vente på å få det, og det må stå klart eit hjelpeapparat når dei kjem ut av sjukehus, seier Dale.

– Regjeringa har sagt at vi skal komme med ei eiga stortingsmelding med fokus på rus og dei tyngste brukarane. Dette skal vi følgje opp med konkrete tiltak og konkrete handlingar, seier statssekretæren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Narkotika
Foto: Simon Solheim / NRK

- Må sjå på narkotika som sjukdom

Ved Ullevål universitetssjukehus tek dei ofte imot narkomane pasientar frå andre sjukehus, fordi dei har fått så omfattande skader at dei ikkje kan behandlast andre stader.

– Eg trur ikkje vi blir kvitt narkotikaproblemet, for det er for mykje pengar i det. Den kampen har vi tapt. Men vi må få på plass eit tyngre samarbeid mellom politi og helsevesen, seier lege og forskar Knut Erik Hovda til NRK.no.

– Narkotika har blitt eit altfor stort problem, legg han til.

Statssekretær Tord Dale understrekar at Regjeringa ikkje er nøgd med situasjonen.

– Kvifor har de ikkje gjort noko før?

– Vi har gjort mykje, mellom anna i Oslo - der problematikken har vore kjent lenge. Vi har også gjort mykje andre stader i landet, men vi må styrkje arbeidet mykje meir, seier Dale.

Han legg til:

– Vi må sjå på dette som ein sjukdom, der pasientane treng den same handsaminga som alle andre i helsevesenet, seier han.

– Det går ikkje lenger i hasj som det gjorde då eg var ung. Det blir meir og meir narkotika på små plassar, seier rusmisbrukaren «Kari» i Florø.