Etterforskar heimebesøk

Politiet skal etterforska fleire heimebesøk legar på Haukeland sjukehus hadde hjå Oddmund Hjartåker.

Tre legar og viseadministrerande direktør Stener Kvinnsland oppsøkte faren til fire år gamle Kristina Hjartåker heime.

Dei ønska å avslutta behandlinga av jenta, og faren følte seg truga av legane.

Han meldte difor saka til politiet.

Etterforskning ved Fana politistasjon

Politiet la vekk meldinga, men no har statsadvokaten omgjort avgjersla.

Etterforskninga skal skje ved Fana politistasjon.

– Me er blitt fortald om statsadvokatens avgjersle, og vil etterforska saka ved Fana politistasjon, seier lensmann Norvald Visnes til BT.

Kristina Hjartåker
Foto: Privat / Scanpix

Startar over helga

Etterforskninga vil starta over helga med avhøyr av dei involverte partane.

Kristina Hjartåker døydde natt til 7. februar i år etter at ho hadde lege medvitslaus på Haukeland sjukehus i nesten eit halvt år etter raset i Hatlestad terrasse.