Hopp til innhold

Etterforskar fallskjermulykka på Voss – tilstanden til hopparen er uviss

Fredag heldt noregsmeisterskapet i fallskjermhopp fram som vanleg etter den alvorlege ulukka torsdag. – Ein begynner å tenke litt når slike ting skjer, seier Knut Lien i Luftsportsforbundet.

Fallskjermulykke på Voss, fallskjerm i høyspentledning.

HANG IGJEN: Slik såg det ut etter at ein fallskjermhoppar hamna i høgspentleidninga og deretter på bakken – medan fallskjermen hang igjen.

Foto: NRK-tipsar

Det var torsdag kveld at ei kvinne i 20-åra trefte ei høgspentleidning under eit fallskjermhopp på Voss. Fallskjermen hang igjen i straumleidningen medan kvinna trefte bakken. Vitne fortalde om lysglimt då ho trefte høgspenten.

Politiet vart varsla om hendinga rundt klokka 22 torsdag. Kvinna vart sendt til Haukeland universitetssjukehus med brann- og fallskadar.

– Vi veit ikkje tilstanden til kvinna, seier konstituert lensmann på Voss, Robert Veseth til NRK fredag.

Han fortel at det er oppretta sak på hendinga, og at dei no vil forsøke å samle informasjon for å finne årsaka til ulykka.

– Vi skal snakke med eventuelle vitne, og samla anna informasjon som kan gi oss eit bilde av kva som skjedde i forkant av ulykka.

Fallskjermulykke

Var bevisst etter hoppet

Andreas Håland Hemli, dagleg leiar i Voss fallskjermklubb, seier at fallskjermhopparen feilberekna innflyginga. Kvinna skal ha treft ei høgspentleidning som står 400 meter frå staden der dei vanlegvis landar, seier han.

Kvinna vart henta av luftambulanse om lag tre kvarter etter ulykka.

– Vi var på staden rett etterpå og tok vare på henne. Alle naudetatar rykte ut og kom kjapt til staden. Då vi kom var ho bevisst og prata, men vart sendt til Haukeland sidan ein ikkje veit omfanget når ein både treff straumlinjer og får ei hard landing, seier Hemli.

Andreas Håland Hemli, dagleg leiar i Voss fallskjermklubb.

GODE RUTINAR: Andreas Håland Hemli, dagleg leiar i Voss fallskjermklubb, fortel at dei har gode rutinar på både opplæring og sikkerheit.

Foto: Silje Rognsvåg

Meiner det er ein trygg sport

Ifølgje Hemli skjer feilrekning av høgde og avstand sjeldan.

– Fallskjermhopping er ein relativ trygg sport, men som med alle andre idrettar kan det alltid skje ting, påpeiker han.

Han forklarar at alle flyr eit innflygingsmønster før ein landar, slik at det er føreseieleg for alle kvar ein skal lande.

– Men innimellom kan ein likevel berekne eller ha skikkeleg uflaks, slik som no, seier han og legg til alle også må gjennom grundig opplæring.

Knut Lien, fagteknisk sjef i Norges luftsportsforbund, seier at han ikkje kan hugse å ha opplevd at nokon har treft ei høgspentleidning på sine 30 år i forbundet.

– Fallskjermhopping er så sikkert som det kan bli. Men det så klart ein risiko i seg sjølv å hopper ut av eit fly i 200 kilometer i timen, seier han.

Fallskjermulykke Voss 23.07.20

LYSGLIMT: Vitne skal ha sett eit lysglimt då kvinna trefte høgspentleidninga.

Foto: Arne Hofseth

Pregar ikkje meisterskapen

Noregsmeisterskapen i fallskjermhopping går føre seg på Bømoen flyplass denne veka, men hoppet skal ha skjedd etter at siste konkurranse for dagen var ferdig.

– Dette har ikkje noko å seie for arrangementet, det går som det skal, seier Hemli.

– Folk tenker på det og pratar om det, og stiller spørsmål. Ein begynner å tenke litt når slike ting skjer, seier Lien i Norges luftsportsforbund.

No undersøker fallskjermklubben kva som har skjedd, og vil lære av hendinga.

– Vi granskar saka og går gjennom utstyret. Vi kan alltid lære av ulykker og gjere ting betre, Håland Hemli.