Hopp til innhold

Etter denne målgangen vil «alle» ha ein bit av Eli Anne (27)

– Eg har fått invitasjon frå Italia, Frankrike, Brasil og litt ulike løp. Det kjem mykje no.

Eli Anne Dvergsdal

TUKTA ELITEN: – Eg likar godt å reise, så det er absolutt freistande å takke ja til invitasjonar, seier Eli Anne Dvergsdal.

Foto: Jordi Saragossa

For det har ikkje gått upåakta hen at Eli Anne Dvergsdal frå Jølster tukta verdseliten i sitt første fjellmaratonløp, Zegama-Aizkorri i Nord-Spania.

Det har hagla inn med gratulasjonar og invitasjonar frå fleire internasjonale arrangørar.

Og det kan ligge økonomi i fleire av løpet. Sigeren i Zegema-Aizkorri sikra henne ikkje berre pokal og heider og ære, men også 1500 Euro.

– Eg likar godt å reise, så det er absolutt freistande. Men kanskje ikkje med det same. Beina må få kvilt seg litt, seier 27-åringen som representerer bergensklubben Gneist.

Må gjere nye «innskot»

For restitusjonen tek noko lenger tid etter eit fjellmaratonløp, enn etter ein fem kilometer på 16 minuttar.

Løpet i Spania fullførte ho på fire timar, 36 minuttar og seks sekund. Over 11 minuttar raskare enn sølvvinnar Elisa Desco frå Italia.

– Dei første dagane kan eg ikkje springe, så nokre rolege dagar med lette joggeturar. Det er litt slik at når du trener, så setter du på ein måte treninga i banken. Når du konkurrerer, så tek du ut av banken. Dess lenger og hardare du konkurrerer, jo meir tek du ut, seier ho.

Stjerne over natta

Dvergsdal vart nærast stjerne over natta etter sigeren for to veker sidan. Ifølgje nettstaden runnersworld.no var Jølster-jenta innom det meste av spanske TV- og radiokanalar.

I ein liten landsby vart ho møtt av 50 personar og huia og klappa då ho kom ut av den lokale matbutikken. På veg heim vart ho stoppa fleire gonger på flyplassen.

Og det etter ein konkurranse ho ikkje ein gang venta å bli blant dei 20 beste.

– Løpet er veldig stort i Europa og Spania. Det vart mange intervju med TV, aviser og eg fekk meldingar på sosiale medium, seier ho.

Springer 17 mil i veka

Zegama-Aizkorri er ikkje berre eit veldig stort og prestisjetungt løp. Det er også veldig langt. 42,2 kilometer for å vere nøyaktig, og med ei total høgdestinging på over 5000 meter. Med andre ord ikkje for kven som helst i 30 varmegrader.

Men så spring også Jølster-jenta i snitt 16–18 mil i veke. Ein distanse tilsvarande Førde – Bergen.

– Det er dette eg likar å gjere, og det er ingen problem å motivere seg. Eg kan ikkje hugse at eg ikkje har likt å springe. Eg er glad i å utfordre og presse meg sjølv, oppleve at eg tek nye steg, forbetrar meg og persar meg, seier Dvergsdal.

– Umogleg

Som løpar har 27-åringen teke store steg etter at ho valde løpesko til fordel for fotballsko. Ho har tidlegare spelt for bergensklubben Sandviken.

– Det var eit umogleg val, men også ein umogleg kombinasjon. Eg kunne ikkje leve med å ikkje vite kor god eg kunne bli, om eg gjekk alt inn for springinga, seier ho.

Etter at valet var gjort kom også resultata på løpande band. Det er blitt ei bråte NM-medaljar og eit EM-sølv på motbakkeløp på den hardtsatsande jølstringen.

– Springinga er topp tre av dei viktige tinga i livet mitt. Det meste av tida går til trening, både føremiddag og kveld, kvar dag, heile året, seier ho.

Nytt vegval

Etter suksessen i Spania for to veker sidan, har Dvergsdal kome til eit nytt vegskilje. Skal ho halde fram med korte eller lengre løp, på flatt underlag eller i terreng.

– Tek eg alt, blir det tomt i treningsbanken. Hovudfokuset må ligge ein stad, men eg veit at eg er betre jo lenger det blir, seier ho.

– Kva er det store målet no?

– Det er småting som å perse på ti kilometer og halvmaraton. Eg har allereie persa meg på 3000 og 5000 meter. Så er det NM i motbakkeløp, uttak til EM og så kanskje litt nye ting etter løpet i Spania.