Etter at dei fekk ned denne steinblokka, opna vegen. Så rasa det på nytt

200 innbyggjarar er utan veg fram til måndag etter fleire steinras på den smale vegen langs Sognefjorden. Frå hausten av blir strekningen skuleveg for fleire elevar.

Steinras på fv. 5699 mellom Arnafjord og Vik

STEINBLOKK: Denne steinen kom ned då fjellsida vart reinska onsdag føremiddag.

– Vi føler oss litt innestengde. Det er einaste måten vi kjem oss til og frå, med bil i alle fall, seier grendelagsleiar Thale-Charlotte Halset i bygda Arnafjord i Vik i Sogn.

Vegen mellom bygda og tettstaden Vik har fleire gonger blitt stengd grunna ras. Kvar gong råkar det dei 200 innbyggjarane som pendlar til og frå jobb.

Måndag skjedde det igjen. Ifølge Sogn Avis skulle vegen stengast frå klokka 22.00 på kvelden grunna fare for ras.

Så vart det stengd fordi det faktisk rasa ned fleire steinar i vegbana.

Laster kart, vennligst vent...

To dagar på rydding

Det skapte utfordringar for fleire familiar. Foreldre som var på jobb i Vik fekk ikkje kome seg til Arnafjord for å hente ungane i barnehagen.

Vegen vart halden stengd fram til onsdag, då fjellreinskarar gjorde siste bit med rydding i den bratte fjellsida over vegen.

Mellom anna fekk dei ned ei stor blokk som låg laus i det bratte henget over vegen (sjå video). Deretter vart vegen opna for trafikk igjen.

Men natt til torsdag kom det på nytt fleire steinar ned frå fjellsida. Då vart vegen stengd for andre gongen på ei veke.

Etter raset i dag har kommunen sat opp båtrute som går kl. 07.30 frå Arnafjord, med retur kl. 16.30 frå Vik.

– Dei som skal på jobb i Vik har jo moglegheit til å pendle, men ikkje dei som bur i Vik og jobbar i Arnafjord, fortel Halset.

Nese i Arnafjord

UTAN VEG: Nese i Arnafjord er ein av tre bygder som er utan veg då fv. 5600 er stengd etter steinras.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Blir skuleveg frå hausten

Frå hausten 2020 skal skuleelevane frå 1. til 10. klasse i Arnafjorden pendle inn til Vik.

Ordførar Roy Egil Stadheim meiner det difor hastar å få på plass midlar til rassikring.

– Det er ikkje siste gong denne vegen vil bli stengt.

At det er kommunen som må betale for båtskyssen provoserer ordføraren.

– Eg tykkjer dette er skammeleg når det er snakk om fylkesvegar som er stengde.

Seinast i romjula måtte dei punge ut om lag 70 000 kroner, og no aukar sluttsummen på båtrekninga til nærare 130 000 kroner.

– Førre gong dette var eit problem var eg i dialog med fylkeskommunen og me blei samde om å «krangle om rekninga» i etterkant. Gong på gong kjem den likevel attende til oss.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med fylkesordføraren torsdag kveld.