Hopp til innhold

Eros (29) sletta Tinder: – Eg såg ikkje vitsen

Tinder har aldri hatt så mange brukarar som under pandemien. Men no trur ekspertar at stadig fleire kjem til å gå tilbake til den meir tradisjonelle måten å date på.

Eros Coratti

TINDER-LEI: Eros blei lei av at all sveipinga ikkje førte noko stad, så han sletta appen.

Foto: Eros Coratti

– Eg skal aldri drive med online-dating igjen. Eg ser ikkje vitsen, seier Eros Coratti (29).

Han er ein av stadig fleire som no går lei av datingappar.

Sjølv om fleire no ynskjer å finne kjærleiken på andre måtar, er appane framleis veldig populære.

Eros Coratti

VIL MØTE FOLK PÅ ANDRE MÅTAR: Eros fortel at han no gjerne vil møte folk på andre arenaer.

Foto: Andrea A Krüger / NRK

– Handlar for mykje om utsjånaden

Digital dating har lenge vore ein del av stadig fleire menneske sin kvardag, men fekk seg ein ekstra oppsving under pandemien.

I fjor steig talet Happn-medlemmer med nesten 20 prosent. Appen har no over 620.000 norske brukarar. Dei fleste er i 20-åra.

Tinder har enda fleire, men dei ynskjer ikkje å oppgje tal for Noreg. Internasjonalt har dei over 100 millionar nedlastingar.

Under pandemien var det rekordmange som sveipa på Tinder.

– Eg har prøvd alt av datingappar der ute, men for meg blei det alt for overflatisk. Det handlar for mykje om utsjånaden til folk, og førar sjeldan til noko meir, seier Iris Børsheim Wang.

Ho sletta like så godt heile appen.

Søker draumeprinsen på Facebook

Etter fleire år som singel i heimbygda Rosendal, bestemte ho seg for å ta nye grep.

Ho enda med å skrive eit innlegg på Facebook, der ho spurde venar og om hjelp til å finne draumemannen.

– Eg følte meg ganske naken da eg posta det innlegget, seier Iris.

Iris Børsheim Wang

VIL FINNE DRAUMEMANNEN PÅ FACEBOOK: Iris såg seg lei av Tinder og andre dating-apper, og håper at draumemannen finst på Facebook.

Foto: Iris Børsheim Wang

Etter innlegget har ho ho fått mange tilbakemeldingar frå forskjellige folk. Nokon sender melding for å seie at ho er modig, medan andre sender meldingar av meir romantisk karakter.

– Har du høyrd noko frå draumeprinsen enda?

– Det vil eg ikkje kommentere, seier Iris med eit smil.

Parterapeut: – Frustrerande prosess

– Det er nok fleire som oppdagar at løysinga på å finne ein kjærast ikkje nødvendigvis er Tinder eller andre appar, seier parterapeut og professor i psykologi, Frode Thuen.

Han fortel at mange opplever det å vere på Tinder og liknande appar som ein frustrerande prosess.

– Det er vanskeleg å finne nokon, og mange må tole ganske mange nederlag og bli skuffa før dei eventuelt treffer ein partnar.

Fleire kjærleiksekspertar NRK har prata med, seier at fleire etter pandemien kjem til å sjå etter dei meir tradisjonelle måtane å møte folk på.

– Datingappane er nok kommen for å bli, men dei meir tradisjonelle måtane å date på går jo aldri av moten, seier Thuen.

Ei tidlegare undersøking NRK har gjort, visar at unge skildrar datingkulturen i dag som ikkje-eksisterande, uforpliktande og overflatisk.

– Det viser seg at når ein først møter nokon frå Tinder, så er dei fleste ute etter eit ligg heller enn ei kjærast, seier Thuen.

Frode Thuen

FRUSTRERANDE: Ifølgje parterapeut og professor i psykologi, Frode Thuen, opplev mange det å vere på Tinder og liknande appar som ein frustrerande prosess.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Felix Seifert ved NTNU står bak ein kvalitativ studie av unge vaksne sin bruk av datingappar. Han seier at Tinder er basert på ein spel-algoritme.

– Det gjer at vi som brukarar blir meir kynisk av langvarig bruk, og får eit distansert forhold til intimitet.

Appar opnar dører

– Tinder er også ei gåve til mennesket, seier Andreas Løes Narum. Han er parterapeut og grunnleggjar av nettsida parweb.no.

Han seier det gjer oss mykje valmoglegheiter, men legg derimot vekt på at fleire no kan kjenne seg lei av å bli behandla som ein forbruksvare.

– Det er som ein kjøtmarknad, seier han.

Men nokon av dei unge NRK prata med meiner at appane har utvikla seg til å bli ein plattform for folk som også ynskjer noko meir seriøst. Under pandemien blei det lågare terskel for å date folk frå datingappar.

Vil vi no gå tilbake til dei meir tradisjonelle måtane å møte folk på?

– Eg trur det kanskje blir litt meir fokus på det. At folk ynskjer å treffast på «gamlemåten», seier Narum.