Hopp til innhold

Erna såg herjingane etter brannen på Sotra – sterke historier frå lokalbefolkninga

Stats- og justis- og beredskapsministeren møtte dei som jobba med å handtera brannen på Sotra laurdag. Og ikkje minst dei som stod midt oppe i den.

Storbrannen på Sotra

SYNFARING: Jarl Hestad, seksjonsleiar for beredskap i Øygarden brann og redning, Tom Georg Indrevik, ordførar i Øygarden og Erna Solberg på branntomta ved Vestsidevegen på Sotra laurdag.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

Etter brannen har to familiar mista heimane sine i eit hus langs Vestsidevegen på Sotra. Erna Solberg og Monica Mæland besøkte branntomta laurdag.

– Det er jo vondt å sjå at hus har brent ned, men det viktigaste er at ingen liv har gått tapt og at ein fekk kontroll på brannen før den gjorde veldig stor materiell skade, seier Solberg.

Fann ikkje dottera på ein time

Ved branntomta hadde mange naboar møtt opp. Nora Nilsen slo av ein prat med statsministeren om brannen.

Til NRK fortel Nilsen at ho var på jobb då brannen byrja. Om lag klokka eitt oppdaga ho at brannen var på veg mot heimen hennar.

Det var akkurat rundt den tida Nilsen si åtte år gamle dotter skulle koma heim.

– Eg byrja å kjenna ein uro, og måtte springa frå jobb. Då eg kom heim fann eg ikkje Celine, og bad mannen min ringa skulen. Me fann ho ikkje på ein time, seier Nilsen.

brann Sotra laurdag

DRAMATISK: Nora Nilsen tok til tårene då NRK intervjua ho om korleis ho opplevde brannen.

Foto: Sissel Rikheim / Sissel Rikheim

Det viste seg at dottera hadde sprunge bort til tanta si, som ikkje var heime. Til slutt ringde mora til ei venninne av åtteåringen om at ho var der.

Rundt tomta til familien er det kolsvart. Huset slapp unna nett så vidt flammane.

– Det er skremmande kor nært det har vore. Me trudde ikkje me skulle tilbake her. Ungane spurde kvart einaste minutt om huset vårt hadde brunne, fortel Nilsen.

brann Sotra laurdag

TILBAKE: Celine (8) har no fått koma tilbake til huset, og trampolinen, etter brannen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

– Eit kraftig inferno

Freddy Tysnes, Gøte André Tveit og Jan Erik Hansen var med i det frivillige industrivernet ved CCB på Ågotnes, fortalde om sine opplevingar av brannen.

– Då vinden snudde blei det eit kraftig inferno. Då måtte me berre evakuera det me kunne, fortalde Tysnes til statsministeren.

– Me gjorde det me kunne til det ikkje gjekk lenger, sa Tveit. Dei møtte Solberg like nedanfor branntomta.

Ministrane sitt besøk på Sotra byrja med å møta leiarane i brannvesenet, politiet, Røde Kors og sivilforsvaret som har vore i innsats på Sotra.

– Tusen takk for innsatsen. Det er jo veldig fint å komma og sjå at ting eigentleg har fungert veldig bra, seier statsminister Erna Solberg.

Spesielt er statsministeren nøgd med samhandlinga.

– Det eg synest er bra, er at ressursane har funne kvarandre. Ein har klart og byggja ein god samvirkemodell. Det er noko av det viktigaste, seier Solberg.

Storbrannen på Sotra

MØTTE INNSATSPERSONELLET: Statsminister Erna Solberg og Monica Mæland møtte laurdag brannvesenet, politiet, Røde Kors og Sivilforsvaret som har vore i arbeid på Sotra.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

Skal sjå på beredskapen

Solberg er oppteken av at helikoptera som er i beredskap også har samvirka godt.

– Det at me har ganske mange helikopter som er på vakt om sommaren, gir oss eit betre støtte rundt om i heile landet.

– Det tok jo halvannan time frå det fyrste helikopteret vart bestilt av bakkemannskapa, før det var på plass. Var beredskapen god nok?

– Det skal me jo alltid sjå på i ettertid. Men halvannan time på koma inn i et helikopter og å få det utstyrt så det kan løfta vatn er ikkje så forferdeleg lang tid. Og så er det alltid spørsmål om kvar det er plassert, seier Solberg.

– Kunne gått veldig mykje verre

– Denne brannen her kunne vore veldig mykje verre. Det saumlause samarbeidet som har vore mellom kommune og redningsetatar gjorde at det ikkje gjekk liv tapt, kunne lensmann i Askøy og Øygarden, Torgils Lutro, fortelja Mæland og Solberg.

Solberg var under møtet mellom anna nysgjerrig på kor lang tid som hadde blitt brukt på evakuera folk og korleis samhandlinga mellom brannvesena frå ulike stadar som deltok har fungert.

– Me går frå å vera kommune til å bli etat saumlaust, sa Jarl Hestad, seksjonsleiar for beredskap i Øygarden brann og redning.

Gressbrann på Sotra

SKRYT: Statsminister Erna Solberg skryter av samvirket mellom alle dei som har jobba med å handtera brannen på Sotra. Her frå ettersløkkingsarbeid fredag.

Foto: Terje Pedersen / NTB