Hopp til innhold

Emma (18) døydde då bestevenninna kolliderte: – Eg skulle gjort alt for å ha dette ugjort

Venninna skulle berre fiksa eit defekt klimaanlegg i bilen. Samstundes kom Emma (18) køyrande på ein scooter. Sekund seinare small det.

18-åring døde etter møteulykke ved Krabbanestunnelen i Kvinnherad

ULUKKE: 18 år gamle Emma Weberg Kaldestad mista livet i ei trafikkulukke like ved denne tunnelen i Matre i Kvinnherad i juli 2021.

Foto: Håvard Røyrvik / Kvinnheringen

– Før eg startar mi forklaring vil eg berre seie beklagar. Eg føler veldig med venner og familie til Emma. Og hadde eg hatt moglegheita, skulle eg ha gjort kva som helst for å unngå dette.

Det sa ei kvinne i 20-åra i Haugaland og Sunnhordland tingrett i dag.

Ho er tiltalt for aktlaust bildrap på 18 år gamle Emma Weberg Kaldestad, som mista livet i ei trafikkulukke i Matre i Kvinnherad i juli 2021.

Bilen kvinna køyrde kom over i motsett køyrefelt på ein smal vestlandsveg denne kvelden. I mot kom venninna på ein scooter.

Samanstøyten var så kraftig at scooteren vart delt i to. Bilen fekk også store skadar. 18-åringen vart erklært død på staden.

Ulukke Kvinnherad

DELT I TO: Samanstøyten var så kraftig at scooteren vart delt i to. Bilen fekk også store skader.

Foto: Politiet/Olav Røli / NRK

– Såg med ein gong kven det var

Retten fekk i dag høyra korleis ein elles fin julidag for ei ung kvinne, brått endra karakter. Ho var på veg gjennom ein tunnel då ho høyrde ein pipelyd i klimaanlegget.

Ho prøvde å skru det av, men fann ikkje knappen skikkeleg. Då tok ho bort merksemda frå vegen, og mot dashbordet eit lite sekund.

– Eg hugsar eg såg opp, og at eg prøvde å bremsa. Så small det.

Påtalemakta meiner kvinna ikkje følgde godt nok med, og at ho køyrde i over 90 kilometer i timen før ulukka.

Fartsgrensa på staden er 80 kilometer i timen.

– Me meiner ho er å klandra for ulukka, seier aktor Ørjan Ogne.

Politiadvokat Ørjan Ogne i retten.

TRIST OG TRAGISK: Politiadvokat Ørjan Ogne karakteriserer saka som trist og tragisk. Samstundes meiner dei kvinna er å klandra for ulukka.

Foto: Olav Røli / NRK

Kvinna erkjende straffskuld etter tiltalen, også for å ha køyrt over fartsgrensa.

I retten forklarte kvinna at ho sprang ut av bilen og så eit menneske liggja kritisk skadd i vegen.

– Eg såg med ein gong kven det var, sa ho i retten.

Kvinna hadde kollidert med bestevenninna si. Noko av det siste tiltalte gjer på ulukkesstaden er å finna venninna sin mobil og ringja 113.

Emma Weberg Kaldestad

DØYDDE: Emma Weberg Kaldestad (18) mista livet i trafikkulukka i Kvinnherad i fjor sommar.

Foto: Privat

Tre rettssalar tatt i bruk

Mange tilhøyrarar hadde teke turen til rettssaka på Stord denne dagen. Heile tre rettssalar måtte verta teken i bruk for å få plass til alle.

Femten vener frå Kvinnherad var blant dei.

– Eg er her for å få med meg all informasjonen. For å sjå kva som eigentleg har skjedd, seier venninna Frida Kaldestad.

Ho seier at ho har blitt meir redd når ho sit på med nokon eller køyrer bil sjølv etter dødsulukka.

– Eg håpar at folk forstår kor fort det kan skje, og at dei tar meir omsyn når dei er på vegen.

Frida Kallestad

MEIR REDD: Frida Kaldestad seier at ho vil sjå rettssaka for å få med seg all informasjonen og vise støtte til Emmas familie. Ho har blitt meir redd i trafikken etter ulukka.

Foto: Olav Røli / NRK

I retten vart den tiltalte kvinna spurt korleis ho har hatt det etter ulukka. Ho starta med å seia at hennar smerte ikkje kunne måla seg med korleis foreldra til offeret hadde det.

Samstundes erkjente ho at kvardagen etter ulukka har vore knalltøff. Ho takk familie og venner for å ha fått ho ut av huset etterpå.

– Mange dagar ville eg berre liggja i senga, og berre det å komma seg til dusjen var ei utfordring, sa ho.

Kvidde seg til rettssaka

Bistandsadvokat Arild Birkeland representerer foreldra til jenta som mista livet i scooterulukka i fjor sommar.

Han seier foreldra har kvidd seg til rettssaka, men at det går betre enn dei hadde forventa.

– Det er sjølvsagt tungt for dei å vera til stades. Det er vanskeleg, men det er mindre vanskeleg enn kva dei hadde frykta, seier Birkeland.

At venninna erklærte straffeskuld betyr mykje for foreldra.

– Dei har heile tida hatt ein forhåpning om at det kjem til å skje. Det at ho erkjent straffeskuld, gjer det lettare for dei å vera til stades her, og forhåpentlegvis i tida framover, seier Birkeland.