Hopp til innhold

I fjor laga han ei russelåt berre for å prøve - no er ho streama 20.000 gonger på Spotify

Erik Henden Aaraas (23) lagde i fjor ei russelåt som er streama 20.000 gonger på Spotify. I år måtte han takke nei til oppdrag.

Erik og russen

ARTIG: Erik Henden Aaraas har hausta nyttig erfaring frå å lage russelåtar. Han ser ikkje bort frå at det blir fleire.

Foto: privat/NRK

– Det er jo gøy å sjå at folk likar låten. Det gler meg stort, seier Aaraas, som komponerer under namnet E-Dawg the Viking.

Men det var i grunn tilfeldig at han kom til å skrive ei russelåt i fjor.

– Eg vart spurt av nokon om å lage ei russelåt i fjor. Då vart det ei låt som vart kalla opp etter russegruppa «Wrong Direction», og den vart meir populær enn eg hadde trudd. Gjennom den fekk eg litt tilbod om å lage låtar i år også, fortel Aaraas.

Den utflytte førdianaren hadde i utgangspunktet ingen planar om å lage russelåtar i år, men let ikkje sjansen gå frå seg.

– Eg fekk fire førespurnadar, men måtte takke nei til to. Meir hadde eg ikkje kapasitet til, seier Aaraas.

Brukar to månader på ei låt

Men det er ikkje gjort over natta å lage ei låt som festglade russ skal danse vilt etter – og vere nøgde med.

– Det varierer nok litt frå person til person. Eg brukar om lag to månadar, der eg jobbar litt innimellom. Det er ein modningsprosess med tallause utkast som vert sende fram og tilbake, seier Aaraas.

At russegjengar ønskjer ei eiga låt til russefeiringa har vorte meir og meir vanleg. Og russen veit ofte kva dei vil ha.

– Eg spør dei kva som er tema og kva stemning dei vil ha i låten. Og dess meir vi jobbar, dess meir kjem vi fram til kva dei ønskjer, seier Aaraas.

I år laga han mellom anna russelåt til russegjengen i russebilen «Booty and the Beast».

– Det skulle vere litt magisk og litt dance-stemning, og då måtte eg få til det i låten, samt lage ein tekst som passa deira konsept, seier Aaraas.

  • HØYR LÅTA HER:

Knyter minne til låten

Og jentene i russebilen «Booty and the Beast» er godt nøgde med resultatet.

– Vi er kjempenøgde. Vi ville ha eigen russelåt fordi vi tykkjer det er kjekt å ha ein song som representerer temaet vårt. Dessutan trur eg det blir kjekt å høyre på den når vi blir eldre, for det blir mange gode minne knytte til songen, seier Anna Hjelle i russebilen «Booty and the Beast».

Til vanleg jobbar 23-åringen før han tek til på psykologistudiane til hausten. Men han har drive med musikk i ei årrekkje, og har spelt og spelar i fleire band.

– Eg gjekk musikklina på Sandane og så gjekk eg lydlinja på Trøndertun folkehøgskule. Eg vart tidleg oppteken av å komponere låtar, samt miksing og mastring. Fordelen er at eg kan gjere heile prosessen sjølv, seier Aaraas.

Han spelar for tida i to band og skriv låtar også til desse.

– Det blir ein del låtskriving der, i tillegg til at eg skriv ein del for meg sjølv. Eg likar å ha litt ballar i lufta, seier Aaraas.

Har utvikla seg som låtskrivar

Til no har han teke 5.000 kroner per låt.

– Ser du på timebetalinga, vert den ganske dårleg. Men eg tykkjer det er kjekt å prøve meg på ein slik type sjanger, og så er det litt motiverande å få noko att for det, både inntekter og tilbakemeldingar, seier Aaraas.

Han likar dei fleste sjangrar og føler han har utvikla seg ein del på å prøve seg på russemusikksjangeren.

– Det har opna auga mine på den måten at eg tenkte på techno og russemusikk som lett å lage. Men gjennom denne prosessen har eg erfart at det krev ganske mykje det også. Det har utvikla meg og gitt meirsmak, heilt klart, seier Aaraas.