Hopp til innhold

Er oppe i 13 mål på fire kampar

Christian Holko held eit scoringstempo få andre kan matche: Då Stryn slo Høyang banka han inn fire nye seriemål.

Christian Holko

I SCORINGSHUMØR: Christian Holko scorar mål som aldri før - men han torer ikkje love same scoringsfrekvens heile sesongen...

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Hehe. Eg var heldig. Og kanskje litt dyktig, ler Christian Holko.

Han er på veg heim frå Høyanger då NRK er på tråden. Stryn vann heile 7-3 på bortebane, og står med fire strake sigrar i serieopninga.

- Bør score i kvar kamp

Og: Med fire nye nettkjenningar er Christian Holko oppe i smått utrulege 13 mål på berre fire serieomgangar.

- Eg prøver å ikkje tenkje for mykje på det. For held eg fram på denne måten, kan det bli skummelt, seier 22-åringen.

- Er det i det heile teke mogleg å halde fram slik...?

- Det ville eg iallfall ikkje ha satsa på. Spelar vi like bra framover, bør det bli mål i kvar kamp. Men det er kanskje litt mykje med fire-fem mål kvar gong, seier Holko.

Målkongeduell på 16.mai

Det er berre nokre dagar sidan han scora fem mål i 7-1-sigeren over Sogndal 2.

No ligg Holko allereie godt an med tanke på toppscorartittelen i avdelinga - i fjor vart Christoffer Hafsås på Eid mestscorande med 21 mål.

No møtest Stryn og Eid på 16. mai - og det vert litt av ein duell...

- Vi skal knuse Eid. Det er det viktigaste akkurat no, seier Holko.

Målrikt - og to raude kort

Kampen mellom Høyanger og Stryn vart prega av at heimelaget fekk utvist Morten Kåre Øen Eriksen etter eit kvarters spel. Heilt på tampen fekk dessutan også Stryns Gunnar Sigurdsson raudt kort.

Stryn sine mål i oppgjeret vart scora av Christian Holko (4), Jon-Terje Tjellaug, Jan Marius Brekke og Sindre Nordang. For Høyang scora Rune Førde (2) og Thomas Frichsen.

- Stryn har alltid scora mykje mål, og det må vi halde fram med. Men vi må jobbe meir med det defensive, seier Holko.

Slik var serierunden

Stryn har saman med Tornado Måløy full pott etter fire serieomgangar i 3. divisjon, men raudtrøyene har best målskilnad med 25-8.

Andre resultat frå den fjerde serierunden i 3. divisjon:

  • Eid - Jølster 5-3. Mål Eid:
  • Sandane - Årdal 2-5
  • Tornado Måløy - Vik 1-4

(Kjelde: firda.no/live)