– Det er klart at vi ikkje likar å komme dårleg ut i ulike vurderingar. Men vi tek ikkje dette så tungt. Vi må jobbe med å auke talet på både kvinner og menn vi, seier ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen.
fortalde fredag om kvinneunderskotet i distrikta. Det er fleire kvinner som vel høgare utdanning og dermed reiser frå dei små bygdene.
- Les også:
Er klar til å ta imot
Men det stoppar ikkje der. Det er fleire kvinner som flyttar generelt, og det vert også diskutert om kvinner reiser frå gubbe og kvinnekulturen i små samfunn. Det er Møreforsking som har sett på dette.
- Les også:
I Solund er ikkje Krakhellen så veldig uroa over at det berre er 71 kvinner i mellom 20 og 39 år per 100 menn.
– Vi må jo satse på at vi klarer å trekkje til seg oss både kvinner og menn. Eg nektar å la ein statistikk Aftenposten vere kroken på døra for oss, ler han.
– Men korleis skal de klare å auke folketalet utan kvinner?
– Vi må uansett ha både kvinner og menn. Og vi jobbar med tilflyttingsprosjekt heile tida. Og vi er i tett dialog og samarbeid med næringslivet her for å promotere kommunen.
– Ei av årsakene forskarane trekkjer fram er arbeidsinnvandring. De har mykje av det?
– Det er klart at så lenge vi berre rekrutterer ein arbeidstakar som har familien sin i heimlandet så får vi ikkje fleire hit. Men næringslivet er svært opptekne av å rekruttere heile familien.
OPEN VEG INN: Ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen, seier det er opptil fleire kjekke karar i Solund og at han ikkje er uroa over at det er fleire menn enn kvinner der.
Foto: Guro Kvalnes / NRKIngen kvinnetom kommune
Dei siste seks åra har talet på kvinner i distrikta gått ned ifølgje
.Krakhellen trekkjer også fram at Solund er ein vanskeleg kommune å pendle frå og dei difor må arbeide medvite i kommunen.
– Men eg trur ikkje vi vinn på seie at vi er kvinnetom kommune. Vi har mange dyktige kvinner her vi, slår han fast.
– Så det er ikkje noko i vegen med mannfolka i Solund altså?
– Nei, det er mange kjekke menn her, ler ordføraren.
Og skulle kvinner som les dette bli inspirert til å ta turen til Solund, garanterer Krakhellen at han står på kommunegrensa og tek imot.
– Ja, eg ønskjer alle velkomne eg. Også menn, smiler han.