Hopp til innhold

Er dette Noregs største hummar?

Anfinn Solheim fekk det som truleg er Noregs største hummar i torskerusa.

Denne hummaren er over 60 centimeter lang og veg 5,3 kilo.
Foto: Monicha Landøy

- Oi! Det var litt av ein gigant, seier forskar Gro van der Meeren om hummaren som hobbyfiskar Anfinn Solheim drog opp utanfor Svelgen.

5,3 kilo og 60 cm

I fleire år har den overlevd teiner og ruser, og hatt eit godt og næringsrikt liv på botnen av Nautesundet i Vevlingen utanfor Svelgen i Bremanger. Men onsdag i førre veke var det slutt for hummaren. Solheim kunne ikkje gjere anna enn å sperre opp augene då han fann giganthummaren i torskerusa. Han har aldri sett liknande etter at han tok til som fiskar i 1948.

- Eg trur hovudkloa var nær ti centimeter brei, seier Solheim til NRK. Vekta viste 5,3 kilo, medan målbandet viste at beistet var på vel 60 centimeter. Gigantisk sjølv for ein europeisk hannhummar.

Klørne til hummaren er nær like lange som armane til Kristian Værøy, sonen til Monicha Landøy.
Foto: Monicha Landøy

Stoppa ut

- Det var ikkje vanskeleg å avgjere kva eg skulle gjere med hummaren. Denne skal eg ha som trofé på hytta, seier han. Preparant Monicha Landøy fekk oppdraget med å stoppe ut hummaren. I følgje Firdaposten har heller ikkje ho sett liknande. Det var ikkje berre storleiken ho la merke til.

- Store humrar plar vere tilgrodd av skjell og posthornmark. Men denne har tydelegvis skifta skal i vinter. Den var veldig fin i skalet, seier ho til NRK.

Rekord lengde

Forskar Gro van der Meeren ved senter for havbruk, Havforskningsinstituttet, seier at det ikkje er tale om vektmessig rekord. For nokre år attende vart det fanga ein på ti kilo ved Shetland. Derimot har ho aldri høyrt om ein hummar på over 60 centimeter.

- Der er den definitivt i finaleheatet. Det må vere noko av det største eg har høyrt i løpet av mine 20 år i faget. Det er svært sjeldan at ein finn hummar på over 50 centimeter. Eg kan godt forstå at fiskaren ynskjer dette trofeet på veggen. Der vil den gjere seg godt, seier ho til NRK.