Hopp til innhold

Er dette ein hund eller ein rev?

Dette mumifiserte dyret er truleg over 50 år gamalt. Men er det eigentleg ein hund eller ein rev?

Hund eller rev i Røldal?

MUMIFISERT: Skjelettet på skinnet er godt bevart på dette dyret.

Foto: Privat

For 15–20 år sidan skulle Nils Aakre rydda ut av den gamle fjøsen på garden der kona hans kom frå i Røldal. Inne i eit hjørne, nede i blandinga av ekskrement og strø, fann han eit mumifisert dyr.

– Eg var heilt sikker på at det var eit lite lam, dette var jo inne i ein sauefjøs, seier Aakre.

Han tok ut skapningen, og la den frå seg utanfor utan å tenkja noko meir på den. Men dagen etterpå fekk dei besøk, som såg nærare på dyret. Då viste det seg at det hadde hale, vêrhår og hjørnetenner.

– Då konstaterte me at det var ein rev. Det trur eg framleis, at det kan ha vore ein skabbrev som fraus og la seg i tallen.

Men då kona hans la ut bilete av dyret på ei lokal facebookside i helga, fekk dei fleire meldingar om at dette kanskje kunne vera noko anna.

Enkelte meiner øyra og augo kan tyda på at det er ein hund det er snakk om.

Rev eller hund i hjørnet av eit fjøs

HJØRNET: Det var i dette hjørnet av fjøset dyret vart funnen for 15–20 år sidan. Der har det truleg døydd.

Foto: Privat

Har arrangert revekonsert

Sauer har det ikkje vore i fjøset på nærare 50 år. Det er no omgjort til eit opphaldsrom.

Det mumifiserte dyret har fått sin heidersplass på eit fletta brett inne i den gamle fjøsen. Skapningen har haldt seg like fin sidan han vart funnen.

– Det har nærast blitt ein liten maskot. Den er verkeleg til beskuelse der, seier Aakre.

Om hausten har ekteparet stundom invitert ein lokal trubadur eller to til fjøset, og invitert venner.

– Då blir det ein ordentleg revekonsert inne i fjøset, seier Aakre.

Rev i Røldal

KRUMME TENNER: Den lange, slake hovudskallen og dei tynne, krumme tennene gjer zoologen sikker på kva dyr det er.

Foto: Privat

Zoologen er sikker i si sak

Zoolog Petter Bøckman ved Naturhistorisk museum på Universitetet i Oslo lurar ikkje på kva dyr det eigentleg er snakk om.

Det er rev, ingen tvil om det, seier han.

Hovudskallen er lang og slak, og han meiner den einaste mogelege hunden den kunne bli forveksla med, er ein liten mynde av noko slag.

– Men hjørnetennene til hundar er tjukkare og ikkje fult så krumme, så dette er garantert raudrev, seier zoologen.

Petter Bøckman er zoolog ved Naturhistorisk museum

ZOOLOG: Zoolog Petter Bøckman meiner det utan tvil er ein raudrev det er snakk om. Her er han med restane av eit anna dødt dyr.

Foto: Karsten Sund

Nils Aakre har altså hatt rett om kva dyr han fann.

– Det var artig å få konstatert.