Hopp til innhold

Er det duka for ein ung Sp-mann i Naustdal?

Kan 28 år gamle Erlend H. Herstad dunke ut veteranane i Naustdal-politikken?

Erlend Herstad

AMBISJONAR: Erlend H. Herstad (Sp) vil gjerne overta ordførarklubba i Naustdal.

Foto: Privat

Vallogo

I Naustdal er det tre parti som gjennom dei siste vala har vore dei «store». Det er Ap, Sp og Høgre. Ap og Håkon Myrvang har hatt ordførarvervet dei to siste periodane, medan Sp hadde ordføraren fleire periodar før han. Myrvang ønskjer fornya tillit ved dette valet, men blir utfordra av fleire. Noverande varaordførar Harald Kvame stiller ikkje på igjen for Høgre, og Anne-Britt Øyra har rykt opp til førsteplass – med klåre ordførarambisjonar. Ordførar-ambisjonar har også Senterpartiet sin nye listetopp, 28 år gamle Erlend Haugen Herstad, med fortid som leiar av Senterungdommen i fylket. KrF stiller denne gongen med Ruth Berit Garfors på topp og SV har henta fram igjen sin «veteran» Åsmund Berthelsen.

Venstre stilte liste for første gong på lenge i 2011, og fekk over 10 prosent oppslutning og to i kommunestyret. Denne gongen sleit dei med å stille liste, men den kom og på topp står Magnhild Runde. Naustdal er også ein av tre kommunar der Raudt stiller liste i år. Raudt har fått ein representant i kommunestyret ved kvart av dei siste vala, og Magnar Falkenstein prøver seg igjen. Denne gongen stiller også Miljøpartiet Dei Grøne liste i Naustdal med Eliane Wergeland på topp, medan Frp gav opp å stille liste i Naustdal i år. Dei fekk ein representant i kommunestyret ved sist val.

Spørsmålet om gruvedrift i Vevring med omstridd deponi av gruveavfall i Førdefjorden, var stor lokal sak ved valet for fire år sidan, og er minst like kontroversiell og aktuell ved dette valet etter at regjeringa nyleg sa ja til Nordic Mining sine planer. Motstandarar frå både politiske parti og organisasjonar har varsla omkamp og aksjonar. Spenninga er om dette slår ut ved lokalvalet i Naustdal på nokon måte. Saka var høgaktuell også ved førre val, og tilhengarane av gruvedrift med tilhøyrande deponi som Ap og Sp gjorde likevel val på line med 2007-resultatet.

Ordførar-ambisjonar har også Senterpartiet sin nye listetopp 28 år gamle Erlend Haugen Herstad med fortid som leiar av Senterungdommen i fylket

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Høgre mista 10 prosentpoeng frå 2007-valet – eit val som var uvanleg sterkt for Høgre. Ved sist val var dei tilbake på «normalen» på kring 20. Tilbakegangen for Høgre samsvarar med resultatet for deponimotstandar Venstre fekk. Venstre stile liste for første gong på lenge, fekk 10 prosent og to representantar i kommunestyret. Deponimotstandarar som SV og Raudt gjorde val på line med det dei hadde gjort tidlegare. Nykomaren MDG er også blant motstandarane. Så blir det litt spennande å sjå om all den medieomtalen som deponiavgjerda har skapt, vil påverke valresultatet i Naustdal.

Naustdal har hatt mange debattar om livet for dei mange grendeskulane i dalen. Nokre har forsvunne under vegs. Siste vedtaket gjeld Dalen skule med sine kring 45 elevar. Frå hausten blir dei bussa den 12 kilometer lange vegen til skulen i Naustdal sentrum. Nedlegginga vart vedteke med 14 mot 5 røyster. Representantar frå Sp, SV, Ap og Raudt stemde imot. Spørsmålet er om noko parti får auke oppslutning på grunn av standpunkt i denne saka.

Naustdal er i ferd med å oppruste og utvide skulen i sentrum på grunn av forventa folketalsvekst. For å finansiere dette dei komande åra blir det diskutert å selje kommunen sine kraftaksjar i Sunnfjord energi. Kraftaksjesal er nærmast lagt inn som ein føresetnad i investeringsplanen. Men politikarane har ikkje fatta vedtak om sal. Den saka kjem på bordet for det nye kommunestyret.

Naustdal er mellom kommunane i Sunnfjord som har diskutert kommunesamanslåing tidlegare. Då med Førde, Gaular og Jølster. No er dei med igjen, men dei var tidleg i prosessen negative til å gå inn i drøftingar om ein storkommune av Sunnfjord og ytre Sogn. No er dei med også der, samstundes som dei ser på den gamle storkommunen av Jølster, Førde, Gaular og Naustdal.