Hopp til innhold

Vil koste dyrt å ta hand om hamnespy

Det slimtete, popcorn-aktige hamnespyet brer seg langs kysten. Equinor seier det vil koste «betydeleg» å følge dei nasjonale råda om den uønskte framandarten.

Havnespy som vokser på tare og kveler organismene som vanligvis vokser på tarestilken. Her fra havna i Haugesund.

Hamnespy breier om seg langs kysten og er vans

Foto: Havforskningsinstituttet

CO₂ i atmosfæren
420,5 ppm
1,5-gradersmålet
+1,09 °C
Les mer  om klima

Så langt er den uønskte arten funne over 40 stader frå kysten av Rogaland og nordover til Kinn kommune i Vestland.

Ei risikovurdering syner at arten kan spreie seg heilt til Svalbard.

Equinor, som er ein av dei største aktørane langs mange av hamnene på Vestlandet, riggar seg no for å handtere det uønskte sjøfenomenet.

Så langt har Equinor ikkje fått påvist hamnespy i sine hamner eller installasjonar.

Men dei fryktar det fort kan skje, og det kan koste dyrt.

– Risikoen og potensialet er betydeleg. Dette spreier seg veldig fort, difor er det viktig å vere i forkant, seier Equinors pressetalsperson Magnus Frantzen Eidsvold.

Vil koste dyrt å ta hand om

Hamnespy spreier seg via skip og båtar, teiner og anna fiskeutstyr.

Myndigheitene ser alvorleg på hamnespy og utbreiing av arten.

Årsaka er at den kan få store konsekvensar for økologien og naturmangfaldet i norske havområde, samt for havbruksnæringa.

Hamnespy i Florø

Hamnespy legg seg som eit teppe på havbotnen og kan kvele mykje av dei andre artane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sjøfartsdirektoratet har difor gått ut med ei rekkje råd og tiltak til stader der arten har etablert seg.

Mellom anna er dette inspeksjon av skip og eller skrogvask.

Skroginspeksjon og eventuelt skrogvask vil vere «særs krevjande og kostbart». Ved nokre av anlegga er det heller ikkje lov eller tilrettelagt.

Det skriv Equinor i ein rapport dei har laga som respons på Sjøfartsdirektoratet sine råd.

– Kan de då greie å følge opp dei nasjonale råda?

– Ja, det kan vi. Vi overvaker hamnene i høgrisikoområda og installasjonen våre offshore, seier pressetalsperson Frantzen Eidsvold.

– Men i rapporten dykkar står det at de ikkje har ressursar å følge opp hamnespy?

– Det er ikkje påvist hamnespy enno. No er vi tett på fordi det spreier seg raskt. Difor jobbar vi tett med alle andre instansar, og er i forkant med å avverje dette dersom det skulle kome til nokre av våre hamnar og installasjonar.

Kvernhusneset kai på forsyningsbasen på Mongstad

Equinor Mongstad er ein av dei største oljehamnene i Europa og har om lag 1500 skipsanløp årleg. Så langt er det ikkje påvist hamnespy her, men i ei nabohamn i Fensfjordbassenget.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Frantzen Eidsvold seier dei jobbar med å avklare kva ansvar dei ulike aktørane har dersom hamnespyet dukkar opp.

– Vi har ansvar for våre hamnar, men det blir trafikkert av ulike skip som reiarar har.

– Kva kostnader kan dette få kostnadsmessig for dykk?

– Det er ingen tvil om at dette kan bety betydelege kostnader for å sette inn tiltak og halde det nede på best mogleg måte.

Ikkje lovfesta krav

Så langt er ingen av anbefalingane frå Sjøfartsdirektoratet lovfesta eller stilt som krav.

Det opplyser Miljødirektoratet.

Les også Innfører drastiske tiltak for å stoppe havnespy: Her blir det «skrubbeforbud»

Havnespy som vokser på tare og kveler organismene som vanligvis vokser på tarestilken. Her fra havna i Haugesund.

Anbefalingane rettar seg særleg mot hamneområde der arten er oppdaga, slik at ein kan prøve å unngå vidare spreiing.

– Kan dei nasjonale anbefalingane ende med å bli lovfesta?

Sjølv om hamnespy har etablert seg i nokon hamnar betyr ikkje det at alle som har aktivitet i sjøen skal gjere tiltak mot hamnespy. Men i område der det er høg risiko for å finne hamnespy bør ein følge med og vere varsam, seier Ida Maria Evensen, senioringeniør i Hav- og industriavdelinga i Miljødirektoratet:

Der hamnespy allereie er på plass, må det gjerast tiltak dersom ein har aktivitet som kan føre til spreiing.

Equinor Kollsnes, Øygarden

På anlegget i Kollsnes kjem det skip frå heila verda, som går vidare til alle verdsdelar. Kjem det hamnespy her, vi det påverke verksemda her negativt, skriv Equinor

Foto: Tom Arne Moe / NRK

Evensen legg til at dei så langt har vurdert det som mest hensiktsmessig å kome med anbefalingar, framfor å lovfeste konkrete tiltak.

Sjøfartsdirektoratet har tidlegare sagt at dei jobbar med eit nasjonalt regelverk for handtering av attgroing på skip.

– I dag finst det berre internasjonale retningslinjer for dette, men vi håper at eit nasjonalt, bindande regelverk kan vere klart i løpet av inneverande år, seier kommunikasjonsrådgivar i direktoratet, Marit Nilsen.

Jaktar hamnespy med undervassdrone

Nyleg var Havforskingsinstituttet i Florø, der arten er i ferd med å feste grepet.

Med undervassdrone jakta Vivian Husa, forskar ved Havforskingsinstituttet, etter
den uønskte arten.

Vivian Husa og Børge Alfstad i Havforskingsinstituttet fant ei rekkje koloniar med hamnespy i Florø. Dei er no i gang med å sjekke ei rekkje havner på Vestlandet for den uønskte arten.
Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er veldig skremmande at endå ei hamn har fått hamnespy, og at vi har fått moglegheiter til å stoppe det når det først har etablert seg, seier Husa.