Hopp til innhold

Enormt ulike bustadprisar i fylket

Medan Sogndal har bustadprisar på nivå med Bergen, er det fleire andre kommunar der lite rører seg.

bolig

SKILNAD: Det er store skilnader på kvadratmeterprisane i fylket. Sogndal skil seg ut som ein hektisk bustadmarknad, medan det nesten ikkje er noko kjøp og sal i fleire andre kommunar.

Foto: NTB Scanpix

Sunniva Oldeide bur i Måløy og ser etter eit hus i Holvik, utanfor sentrum. Men i Vågsøy kommune er det lite som rører seg i bustadmarknaden, så ho og familien er nøydde til å vere tolmodige.

– Eg trur folk på bygdene trivst ganske godt, for det er lite utskifting og veldig sjeldan bustader til sals, seier ho.

Sidan familien bur i eit hus i Måløy, har dei ikkje hastverk med finne eit ledig hus. Men etter fem år med venting har det blitt lenge.

Sunniva Oldeide

TOLMODIG: Sunniva Oldeide har venta i fem år på at eit eigna hus skal bli tilgjengeleg i Holvika, utanfor Måløy.

Foto: Privat

Store skilnader

I Sogn og Fjordane er det enorme skilnader i bustadmarknadene mellom ulike kommunar. Medan det går treigt i Vågsøy, går det unna i Sogndal. Dette gjer merkelege utslag på kvadratmeterprisane i dei to kommunane.

Skilnaden i folketal mellom Vågsøy og Sogndal er litt over tusen innbyggarar, men Sogndal hadde 800 prosent høgare kvadratmeterprisar enn Vågsøy i andre kvartal i år.

I vår var gjennomsnittleg kvadratmeterpris på bustad i Sogndal kommune om lag den same som i Bergen kommune.

Her kan du sjå prisane i fylket:

Laster innhold, vennligst vent..

Studentar lager press

Prisane i Sogndal kommune skil seg ut frå dei fleste andre kommunane i fylket. Der er det for få bustader til alle som treng det.

– Det er lite til sals i marknaden, og det er mange kjøparar. Det vil seie at prisane blir pressa oppover, seier Kenneth Bjørk i Aktiv Eiendomsmegling i Sogndal.

Det spesielle med Sogndal er at 3 800 studentar utgjer ein stor del av innbyggjartalet i bygda, og dei er ute etter leilegheiter med kort avstand til sentrum.

Dei fleste studentane i Sogndal leiger, men sidan leigeprisane for tida er høge, er det nokon som finn andre løysingar.

– Nokon tenker kjøp heller enn å leige, med tanke på den lave renta. I løpet av tre-fire år kan det lønne seg framfor å leige, seier Sogndal-meklaren.

Arbeidsmarknad er viktig

Bjørke meiner det er ein klar samanheng mellom kommunar med gode utsikter for arbeidsplassar, og kommunar med høge bustadprisar. Eit døme på dette er Årdal, etter at Dooria-fabrikken vart lagt ned. Då blir bustadmarknaden motsett av Sogndal.

Sissel Anett Halnes

UT AV SENTRUM: I Måløy er det ein del til sals, men mange vil helst bu utanfor sentrum, seier Sissel Anett Halnes.

Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane

– Folk må ha arbeid å gå til før dei kan finne ein plass å bu. No ligg det mange bustader ute i Årdal, men kjøpargruppa er ikkje stor. Då blir tilbodet større enn etterspurnaden og då går det tråare i marknaden, seier han.

I Nordfjord er det fleire kommunar med lave gjennomsnittlege kvadratmeterprisar.

– Her er det ein del som går privat, altså ikkje innom meklar. Då viser det ikkje i statistikken, seier Nordfjordmeklar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Sissel Anette Halnes.