Hopp til innhold

Karina betalar 60 kroner for bussturen. I same fylke må andre ut med fire gonger meir

BERGEN (NRK): Då dei to fylka blei eitt, var ikkje kollektivselskapa klare. Prisforskjellane på bussreiser i det samanslåtte Vestland er på fleire hundre kroner.

Karina Straumstein på veg heim til Norheimsund

NØGD: Karina Straumstein er student og kan nyte godt av rimelege kollektivprisar i Bergen og omland. Men naboane lenger nord har ikkje same takstsystemet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det er like før bussen austover mot Odda forlèt busstasjonen i Bergen. Studenten Karina Straumstein skal vere med til Norheimsund i Hardanger.

Med studentbilletten sin kan ho ta seg over store avstandar i tidlegare Hordaland fylke til same pris.

– No har eg vore på Flesland. Så då kan eg bruke same billetten til 30 kroner på bybana og heilt til Norheimsund. Vi er heldige, seier Straumstein.

Men i det nye samanslåtte Vestland fylke er det mange bussprisar som slår skeivt ut.

Dei to tidlegare fylka hadde kvar sitt kollektivselskap.

Kollektivselskapa Skyss og Kringom var ikkje klare for samanslåing då Hordaland og Sogn og Fjordane blei slått saman. Derfor har dei framleis ulike sonesystem og billettprisar.

Mangedobla pris

Ein busstur frå Bergen til Norheimsund kostar 60 kroner for ein vaksen.

Lenger nord i Vestland ville ein tilsvarande busstur ha kosta det mangedobla.

Mellom Førde og Sogndal kostar det 265 kroner å reise med buss på vaksenbillett.

Turen er like lang – og i same fylke. Og dette er ikkje det einaste døme.

Ein gjennomgang NRK har gjort viser at bussen er langt dyrare å ta nord i Vestland, enn lenger sør:

Prisforskjellar i Hordaland og Sogn og Fjordane

Strekning

Avstand

Pris

Bergen - Norheimsund

80 km

60 kroner

Førde - Sogndal

81 km

265 kroner

Odda - Kinsarvik

41 km

39 kroner

Flåm - Lærdalsøyri

43 km

120 kroner

Sveio-Matre (E39 gjennom Hordaland)

210 km

102 kroner

Instefjord - Nordfjordeid (E39 gjennom Sogn og Fjordane)

177 km

443 kroner

Busspassasjer Helge Terøy reagerer på dei ulike prisane.

– Det kan ikkje vere slik at det skal vere dyrare for oss som bur her oppe, enn dei som bur i gamle Hordaland, meiner han.

DYRARE: Frå Bergen til Norheimsund og frå Førde til Sogndal er det like langt. Men prisen for bussen er svært forskjellig.

Fryktar dyrare kollektiv i Bergen

– Målet er å få ein modell og ein struktur for heile det nye fylket, seier Målfrid Sønstebø, administrerande direktør i Skyss/Kringom.

I 2018 endra dåverande Hordaland fylke sonesystemet sitt. Talet på kollektivsoner blei redusert frå 470 til sju.

– Ein moglegheit er å vidareføre systemet ein har i Hordaland også til Sogn og Fjordane, seier Sønstebø.

Då Hordaland vart delt inn i sju kollektivsoner, meinte mange at kollektivreisande Bergen subsidierte distrikta.

No fryktar Charlotte Spurkeland (H) at Bergen må betale prisen igjen.

– Det er eit paradoks at bussen frå Austrheim til Os kostar like mykje som tre stopp med bybana. Det er dei korte reisene som må bli billigare.

– Meiner du at Bergen subsidierer distrikta?

– Ja, og det er viktig at dette ikkje vert forsterka med Sogn og Fjordane, seier Spurkeland og viser til at prisen for ein enkeltbillett i Bergen har gått kraftig opp dei siste åra.

Buss og bybane i Bergen

FRÅ 470 til sju: Takst- og sonesystemet i Hordaland fekk ein real overhaling i 2018. No vil politikarane ha på plass eit felles system for heile det nye fylket.

Foto: Atle Markeng / NRK

Avviser at Bergen betaler prisen

Kring 90 prosent av alle kollektivreiser i Vestland skjer i bergensområdet.

Difor meiner Sønstebø, at det ikkje er grunn til å frykte at prisen i Bergen går meir opp.

– Voluma er så forskjellige at det ikkje er snakk om subsidiering.

– Er det så få som tek bussen i Sogn og Fjordane at ein ikkje merker det i Bergen?

– Det er ein måte å seie det på.

Kan bli likt i heile fylket

Det er bestemt at Vestland skal ha eit system med lik prisstruktur over heile fylket.

Skyss/Kringom er nå i gang med samordning av det samla rutetilbodet og prisstrukturen i fylket. Målet er å samordne alt i løpet av 2020.

– Eg har grunn til å tru at det blir billigare å ta buss i Sogn og Fjordane enn i dag, særleg på den lange turane, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

Jon Askeland (Sp)

FYLKESORDFØRAR: Jon Askeland (Sp)

Foto: Oddgeir Øystese / NRK