Hopp til innhold

Enorm interesse for toppturar, men skredkurs blir avlyste. – Det er ein dårleg kombinasjon

SOGNDAL (NRK): Korona gjer at fleire skredkurs er blitt avlyst, og at fleire folk enn vanleg trekk mot fjella. På toppen av alt kjem vanskelege snøforhold.

Store opplevingar er det som lokkar turistar til Noreg

ERFARING OG KUNNSKAP: Skal du setta utfor slike toppar, må du ha erfaringa og kunnskapen til å gjera det på ein trygg måte.

Foto: Torje Bjellaas

– Det er ein dårleg kombinasjon at det er avgrensa tilgang på skredkurs, når det er så stor interesse for toppturar, seier Gisle Antun, innsatsleiar i Vest politidistrikt.

Politiet la denne veka ut ein video på Facebook der ber dei folk om ikkje å legga ut på turar utan å ha med seg erfarne fjellfolk.

– Det uroar oss

– Skredkveldane set skapet på plass og forklarar folk litt om farane, seier Stian Hofslundsengen, dagleg leiar på Fjellsportfestivalen i Sogndal.

Kvar haust er konferansesalen på hotellet i Sogndal fylt til randa av nye studentar og tilflyttarar. På scena står skredekspertar, tinderettleiarar, redningsmannskap og politi.

Hensikta er å gje ei innføring i kva som trengst for å ferdast trygt på fjellet.

Men før årets sesong vart det ikkje noko skredkveld i Sogndal. Grunnen er enkel: korona.

– Det er veldig synd at me ikkje fekk arrangert det, seier Hofslundsengen.

SNØSKRED-SOGNDAL-130121S-SF

GJEKK NESTEN GALE: Ein skikøyrar utløyste og vart teken av dette skredet i Sogndal i januar, men han kom seg uskadd ut for eiga maskin.

Foto: Hovedredningssentralen Sør-Norge

Også andre stader i landet gjer smitteverntiltak at skredkurs har vorte avlyst.

– Det uroar oss, seier Roger Bareksten, fagsjef i Fjellsport-avdelinga i Den Norske Turistforening (DNT).

Han viser til at stengde haller og treningssenter gjer at fleire enn vanleg trekk mot fjella og bratt terreng – både erfarne og mindre erfarne skiløparar.

Per Odd Grevsnes er dagleg leiar i Sogndal skisenter og operativ leiar i skredgruppa til Røde Kors i Sogn. No er han betenkt.

– Det kitlar litt ekstra i magen når eg ser folk går på topptur i år, seier han.

Odd Arne Mikkelsen NVE viser hvor porøst og skummelt vedvarende svake lag i snøen kan være.

EI TIKKANDE BOMBE: Odd Arne Mikkelsen i NVE viser kor porøst og skummelt vedvarande svake lag i snøen kan vera.

Men sjølv om DNT har måtta avlysa nokre kurs, er ikkje situasjonen heilsvart. Både dei og andre kursarrangørar har fleire kurs utover vinteren som skal gå som planlagt.

– Ein skikøyrar sin verste fiende

På toppen av avlyste kurs og fleire fjellfolk kjem dei vanskelege køyreforholda.

Skredvarslinga varsla i førre veke at dei «fryktar ny skredvinter». På varsom.no finst oppdaterte skredvarsel for Noreg heile vinteren gjennom.

Emma Julseth Barfod er vaktleiar ved snøskredvarslinga i NVE. Til NRK omtalar ho forholda denne vinteren som «ein skikøyrar sin verste fiende».

Ifølge Regobs er det kome inn meldingar om rundt 20 snøskred berre dei siste dagane.

Så langt denne vinteren har seks personar mista livet i snøskred.

2018-19 var ein «skrekksesong» med heile 13 omkomne.

– Lurt å vera konservativ

– Med dei forholda det er mange stader i landet no, så er det lurt å vera konservativ. Me vil jo ikkje at folk skal sitta heime, men det er lurt å tenka om ein kan velja trygt terreng, seier Audun Hetland.

Han er førsteamanuensis i psykologi ved UiT, og ein del av kompetansesenteret for snøskred (CARE). I tillegg lagar han Skredpodden.

– Me menneske lærer av erfaring. Når det går godt, tek me det intuitivt til inntekt for at det eg gjorde var rett. Men i skredterreng er det ofte ikkje slik. Der er spørsmålet: Gjorde du rett, eller var du heldig?