Hopp til innhold

Enorm interesse for langrenn

Skikrinsen måtte seie nei til fleire ungdomar som ville delta på barmarkssamling i helga. Kapasiteten var sprengt.

Langrennssamling i Markane

KOM GJENNOM NÅLAUGET: Desse to gutane kosa seg på helgesamlinga, men 15 undgomar fekk ikkje plass.

Foto: Margun Hjelmeset

- Vi har aldri opplevd å måtte seie nei til ungdomar som vil delta på samlingar, seier Yngve Thorsen i skikrinsen i Sogn og Fjordane.

60 samla på Ullsheim
Langrennssamling i Markane

PÅ TUR: Samlinga er å skape entusiasme for vidare satsing på langrenn. Fjelltur var ein av aktivitetane søndag.

Foto: Margunn Hjelmeset

I helga var nærare 60 ungdomar samla til barmarkssamling på Ullsheim i Stryn i regi av Sogn og Fjordane skikrins og Markane idrettslag.

Målet er å gje utøvarane stimulans og inspirasjon til å trene vidare og å satse på langrenn.

- På laurdag var det stasjonar med rulleski, skøyting, klasisk rulleski, myrfotball og bading i Strynehallen. Søndag var det fire grupper som var på fjelltur, seier Thorsen

I tillegg har ungdomane hatt stryketrening.

- Jo fleire, jo betre

Sjur Ole Svarstad

TREKKPLASTER:- Det har vore veldig kjekt å få kome heim og sjå så mykje flott ungdom, seier Sjur Ole Svarstad.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Det har vore kjempekjekt å vere på samlinga i helga, seier tretten år gamle Inga Kårstad Skaar frå Førde.

Ho reiste med langrennsgruppa frå kommunen, og seier det er viktig å vere med på slike samlingar.

- Det gjev inspirasjon. Det er ein kjekk sport, og jo fleire vi er jo betre er det, seier Kårstad Skaar.

Sjur Ole og Roar var trekkplaster

Langrennssamling i Markane

PÅ TUR: Samlinga er å skape entusiasme for vidare satsing på langrenn. Fjelltur var ein av aktivitetane søndag.

Foto: Margunn Hjelmeset

Trekkplasteret for ungdomane var blandt anna å få trene saman med landslagstrenarane Roar Hjelmeset og Sjur Ole Svarstad.

Svarstad var glad for å få komme på besøk på "heimebane".

- Det har vore ei svært hyggeleg helg. Det er mange år sidan eg sjølv har vore på samling heime i Sogn og Fjordane, så det var kjekt å få vere tilbake, fortel Svarstad.

Diskuterer rekrutteringa

Det er stadig i ein diskusjon om rekruttering i norsk langrenn, og Svarstad er nøgd med at interessa er aukande.

- Det er eit kjempepluss. I høve VM i Oslo trur eg norsk langrenn har teke endå eit steg vidare. Dei siste åra har eg budd på austlandet, så det var kjekt å kome heim og sjå så mange gå på rulleski i Ullsheim, seier trenaren.

Thorsen i skikrinsen seier langrenn rett og slett er in.

15 fekk nei

Langrennssamling i Markane

KJEKT: Ungdomane fekk brynt seg på mange aktivitetar i løpet av helga. Stryketrening, rulleski, fjelltur, myrfotball og bading har dei vore innom i løpet av to dagar.

Foto: Margun Hjelmeset

- Interessa for langrennssporten i dag er svært stor. Det er in i tida, og det er vi sjølvsagt svært glade for. Men vi måtte setje eit tak på talet på deltakarar på grunn av logistikken. Så opp mot 15 ungdomar fekk ikkje plass på samlinga denne helga, fortel Thorsen.

Han trur det er dei gode miljøa som vert skapt rundt omkring i lokallaga er med på å skape interessa dei no opplever.

- Vi må ha god kontinuitet på leiarsida og gode organiserte aktivitetar. Då tiltrekker sporten seg born og foreldre.

Rekrutterer gjennom foreldra

Roar Hjelmeset

TREKKPLASTER: Ein av landslagstrenarane, Roar Hjelmeset, inspirerte ungdomane til vidare satsing på langrenn.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Den første rekrutteringa inn til sporten er jo ofte gjennom foreldra. Dei er interesserte og presenterer sporten for borna. Så foreldrerekruttering er viktig for oss, seier Thorsen.

No skal skikrinsen satse vidare på å lage samlingar for flest mogleg i samarbeid med idrettslaga i fylket.

- Samlinga i helga var noko spesiell sidan vi hadde Sjur Ole Svarstad og Roar Hjelmeset på laget.

Ny samling om tre veker

Om tre veker er det miljøsamlingar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Dei går på tvers av alle skigreinene for å skape inspirasjon og for at utøvarane skal kunne lære av kvarandre.

Målet er at omlag 200 utøvarar deltek på samlingane.

- Vi er ambisiøse og eg kan love at alle som vil skal få plass då, seier Thorsen.

Langrennssamling i Markane

FEKK PLASS: Omlag 60 undomar frå 11-16 år fekk delta på samlinga i helga.

Foto: Inge Fænn