Hopp til innhold

Enno ikkje morrproduksjon

Produksjonen av morrpølser har enno ikkje starta opp igjen ved Terina sitt anlegg i Sogndal.

Terina Sogndal
Foto: Scanpix

Etter e.coli-skandalen tidlegare i vår ynskjer Gilde Norge å gjere skikkelege marknadsvurderingar av morrprodukta før dei blir å finne i butikkane igjen. Det seier salsdirektør Sverre Sandsmark i Gilde Norge.

Sognemorr og Haugpølse

- Trur forbrukarane gløymer

Sognemorr og Fjellmorr er to produkt som vil bli hugsa frå den største matsmittesaka i Norge nokon gong. Dei e.coli-infiserte pølsene var i vår direkte årsak til at eitt barn døydde og over 15 personar vart sjuke. Det er kanskje ikkje så rart at Gilde Norge vil vente med å legge desse varene ut igjen for sal. Salsdirektør Sverre Sandsmark trur likevel at forbrukarane gløymer skandalen berre dei held produkta lenge nok unna marknaden. For ein gong på hausten kjem Sognemorr og Fjellmorr tilbake i butikkhyllene, med same namna, forsikrar Sandsmark.

Mindre inntekter og færre tilsette

Mattilsynet gav alt i midten av mai Terina i Sogndal løyve til å igjen produsere morrpølser, ein produksjon som betyr svært mykje for bedrifta med 85 tilsette. Men så lenge Gilde ikkje vil ha pølsene i butikkane, er det stille i denne delen av produksjonen. Konsekvensane er mindre inntekter og færre tilsette, seier divisjonssjef ved Terina Sogndal Per Steinar Sviggum.

Han vil ikkje ut med eksakt kor mykje Terina i Sogndal har tapt på e.coli-skandalen. Men det er snakk om betydlege beløp.

Pinnekjøtet kan pynte på rekneskapen

Sviggum seier det er to ting som kan pynte på rekneskapen fram til nyttår, og på den måten også unngå at folk blir oppsagde. Det første er at produksjonen av morrpølser kjem i gang så tidleg så mogleg. Det andre er eit eventyrleg sal av pinnekjøt.