Engasjement kan avgjere tannhelsestrukturen

Fylkeskommunen har varsla millionkutt i tannhelsetenesta, og 28 tannklinikkar skal bli til 17. Men langt frå alle kommunane i fylket har hatt ei meining om dette.

Tannlege Tor Galaasen i Svelgen

KAN BLI NEDLAGD: Svelgen tannklinikk er blant dei som står i fare for å bli nedlagd. Tannlege Tor Galaasen og dei andre som ventar spent får nye svar onsdag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg er litt forundra over at det berre er kring halvparten av kommunane som har svart på dette. Det er i store trekk dei som vert råka av nedlegging som har svart, seier fylkesdirektør for tannhelse, Clara Øberg.

Framlegget frå fylkeskommunen er å leggje ned 11 tannklinikkar frå 2018, og to til frå 2020. I dag presenterer Øberg eit nytt framlegg til fylkespolitikarane, basert på innspela som er komne inn.

Engasjementet, eller mangelen på engasjement, kan påverke korleis framlegget vil sjå ut.

– Det er klart at om vi beheld fleire små som eit resultat av høyringa, så må kanskje satsinga vi hadde tenkt oss på nokre av dei store, avgrensast ganske mykje, seier Øberg.

Askvoll har utmerka seg

Nær 40 innspel er komne inn, men Øberg er overraska over at ikkje fleire har nytta høvet til å seie sitt.

– Verken Sogndal, Førde, Florø, Fjaler eller Måløy har sagt noko om dette, og har såleis ikkje meiningar om tannhelsetenesta i framtida.

Askvoll, som har ein nedleggingstruga klinikk, har utmerka seg i den slunkne bunken av innspel.

– Frå Askvoll er det kome veldig mykje gode argument. Dei seier mykje om Værlandet, Bulandet og Atløy. Vi har merka oss at Fjaler fram til no ikkje har nokon meiningar om dette, seier fylkesdirektøren.

Fleire har heldt seg stille

Gunhild Berge Stang

HAR VORE STILLE: Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang i Fjaler.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tannklinikken i Dale er føreslegen utvida, men likevel har ikkje Fjaler kommune gjeve lyd frå seg før fristen gjekk. Ho forklarar det med ønsket om ein HAFS-kommune, og at dei ville sjå tannhelsestrukturen i samanheng med dette.

– Dette er ei sak som set kommunane litt opp mot kvarandre. Det er gode argument for å ha eit tannlegekontor i Dale, men eg har også forståing for at dette er vanskeleg for kommunane som ligg an til å miste tannlegekontora sine, seier ordførar Gunhild Berge Stang (V), som no har kontakta fylkeskommunen for å likevel seie sitt.

I Vågsøy har det ikkje vore ein bevisst strategi å ikkje engasjere seg i saka, seier ordførar Kristin Maurstad (Ap).

– Det har vel eigentleg ikkje vore det store tema heller, så eg kan eigentleg ikkje svare på kvifor vi ikkje svarte på det.

Jarle Aarvoll

VIL HA ANNLEIS HØYRING: Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll er samd med ordførarkollegaen i Fjaler om at ein må sjå slike saker i større samanheng.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Heller ikkje Sogndal har gjeve lyd ifrå seg. Ordførar Jarle Aarvoll (Ap) avviser at han bevisst har sete stille i båten.

– Det gjer ein ikkje. Det blir feil måte å tenke på. Eg trur denne typen høyringar i ettertid hadde vore noko ein kanskje skulle gjort i regi av Sogn regionråd.

Om dei engasjerte kommunane har vunne fram med sine argument, vert altså avgjort i dag, onsdag.