Fylkesvegane i Vestland fylke blir lyst opp av til saman 35.000 veglys.
Veglysa sluker både energi og pengar, for dei aller fleste lyktestolpane har lyspærer som brukar langt meir straum enn moderne LED-pærer.
– Det blir jo spesielt vanskeleg no når straumprisane er så høge. Til saman kosta det rundt 60 millionar kroner i fjor.
Det seier einingsleiar Sigbjørn Rabbe ved fylkeskommunen si avdeling for infrastruktur og veg.
Kan spara 70 prosent
Dei neste ti åra planlegg Vestland å investera inntil 200 millionar kroner i straumsparande LED-anlegg langs alle fylkesvegane.
Ombygginga til LED-lys vil ifølge fylket meir enn halvera klimagassutslepp og straumutgifter for veglysanlegga.
– Med éi krone pr. kilowattime i straum og nettleige hadde me eit mål om å spara 20–30 millionar kroner årleg på ombygging til LED-lys. I tillegg får me då høve til aktiv styring og dimming om natta, og kan totalt spara opp mot 70 prosent, seier Rabbe.
Viss dei høge straumprisane held seg høgare enn éi krone framover, blir innsparingspotensialet altså langt større enn 30 millionar kroner årleg.
Eviny vil ikkje
Men det største energiselskapet på Vestlandet – Eviny (tidlegare BKK) – stikk no kjeppar i hjula for det straumsparande miljøtiltaket.
Som del av planen om å bygga om til LED, vedtok fylkespolitikarane i haust å overta alle dei 35.000 veglysa langs fylkesvegane i Vestland.
I dialogen med Eviny forventa fylkeskommunen å få overta dei 11.000 veglysa i Bergen og omland som er eigd og drifta av Eviny sitt dotterselskap Veilys AS.
Men Eviny har no varsla at dei førebels ikkje vil selja sine 11.000 veglys.
Grunnen er ei pågåande ankesak mot det europeiske frihandelsforbundet Efta (sjå faktaboks). Det er høgst uvisst når den blir avgjort.
– Uheldig at Eviny blokkerer
Fylkesdirektør Rune Haugsdal er provosert over energigiganten:
«Fylkesdirektøren finn det uheldig at Eviny i praksis blokkerer for at fylkeskommunen og kommunane får overta veglysanlegg som forventa, og med dei uheldige kostnadsmessige og miljømessige konsekvensane dette får.»
I sakspapira skriv han at fylkeskommunen i dag betaler 11 millionar kroner årleg til Veilys AS for «eit i stor del utdatert anlegg med høgt straumforbruk.»
Med forventa høge straumprisar i 2023 ønsker fylkeskommunen å framskunda ombygging av gamle veglys.
«Dette arbeidet må setjast på vent», slår Haugsdal fast.
Også fylkespolitikar Sigbjørn Framnes i Framstegspartiet reagerer.
– Det er veldig synd at eitt selskap stoppar dette opp, slik Eviny no gjer: Dei blokkerer for heile planen om å spara fleire titals millionar kroner i året. Også klimamessig er det uheldig. Det blir ei forseinking på heile opplegget.
Eviny: – Privat sjølvstende
Ingen i Eviny eller dotterselskapet Veilys AS har denne veka stilt til intervju om kritikken frå Vestland fylke.
I eit brev til fylkeskommunen forklarer dagleg leiar Inge Husefest i Veilys AS kvifor Eviny likevel ikkje vil selja sine veglysanlegg no
«Den pågående saken for EFTA-domstolen vil gi avklaringer relevant for verdsettingen av alle veglysene Veilys AS eier, også veglysene på fylkesveg.»
Han medgir at Eviny dermed gjer omlegginga til straumsparande veglys vanskelegare:
«Eviny bremser prosessen med salg av veglysene. Vi har forståelse for at dette er ubeleilig».
Men han legg til at politikarane ikkje kan krevja at Eviny sel sine veglysanlegg:
«Politiske vedtak trumfer ikke privat autonomi (sjølvstende, red.mrk.)», skriv han.
Fryktar fleire års utsetjing
Likevel skriv Husefest at Eviny har intensjon om å la fylkeskommunen overta veglysa så snart saka i Efta er avklart og Eviny og fylkeskommunen «er enig om avtalevilkår og pris».
Men Eviny skriv til NRK at dei uansett kan vera med og skifta til LED-armatur saman med fylkeskommunen.
Fylkeskommunen ikkje har forståing for at Eviny vil venta på Efta-dommen:
– Me klarer ikkje å forstå argumentet per i dag. Og me fryktar at ei slik ankesak kan ta opptil fleire år, seier Rabbe.
Konkurranseutsetting
I tillegg til meir enn halverte straumutgifter reknar fylkeskommunen med å spara 7 millionar kroner årleg ved å samla drifta av alle fylkesveglys.
«Gjennom samordning av drifts- og vedlikehaldsavtalar og konkurranseutsetting vil ein oppnå betydelege gevinstar,» skriv fylkesdirektør Haugsdal.
Han meiner Eviny si avgjerd reduserer verdien av ny konkurranseutsetting kraftig, fordi Veilys AS har hovuddelen av anlegga i dette området:
«Det medfører utsetting av planane for fornying, effektivisering og energisparing.»
– Det er i Bergen og områda rundt at veglysa er flest og står tettast. Utan Eviny sine veglys i bergensområdet blir det vanskeleg å få ein god driftsavtale og ei effektiv omlegging til LED, seier Rabbe.
Framnes i Frp er einig:
– Det seier seg sjølv at viss veglysa i Vestlandets hovudstad ikkje er med i ei slik utlysing, vil det få følger for dei som gir pristilbod.