Det internasjonale energibyrået (IEA) la i dag fram «eit oppdatert vegkart» til den oppsiktsvekkjande rapporten dei presenterte for to år sidan.
I ein offisiell uttale seier leiaren i byrået Fatih Birol at «vegen til 1,5 grader har vorte innsnevra dei siste to åra, men at teknologiar innan rein energi held vegen open».
I 2021 konkluderte IEA med at det ikkje er rom for nye investeringar i olje og gass om verda framleis vil halde 1,5-gradersmålet i live.
To år seinare er energibyrået ikkje like kategoriske, og opnar for «nokre investeringar» i olje og gass i ein overgangsperiode.
Bakgrunnen er faren for vedvarande høge prisar på fossil energi om endringa blir pressa fram for raskt.
«Rett rekkjefølgje på investeringar i rein og fossil energi er sentralt for å unngå øydeleggjande prishopp eller overforsyning», heiter det i vegkartet.
En felles skala for å sammenligne ulike klimagasser. Utslipp av gasser som metan og nitrogenoksid regnes om til den mengden CO₂ som ville gitt samme klimaeffekt.
Innen 2030 skal Norge kutte minst 55 prosent av klimagassutslippene i forhold til 1990-nivå. Målet skal nås i samarbeid med EU. Innen 2050 skal 90-95 prosent av norske utslipp kuttes.
Dette betyr at vi må kutte utslipp i rekordfart. De siste ti årene har vi klart å kutte rundt 5 millioner tonn, de neste ti skal vi kutte rundt 25 millioner tonn.
Norge skal kutte utslipp på to måter, fordi utslippskildene kan deles i to:
Kvotepliktige utslipp: Dette er særlig utslipp fra industri og olje/gassplattformene. Utslippene er omfattet av EUs kvotesystem: For å slippe ut klimagasser må industrien kjøpe tillatelser (kvoter) i EU til den prisen kvotemarkedet bestemmer. Stadig høyere pris og færre kvoter skal tvinge frem utslippskutt der det er enklest å gjennomføre.
Ikke-kvotepliktige utslipp: Dette er klimagassutslipp fra blant annet transport, landbruk, avfall og oppvarming i bygg. Dette kalles ikke-kvotepliktig sektor fordi man ikke trenger kvoter for å slippe ut klimagasser. Hvordan Norge kan kutte utslippene i denne sektoren er beskrevet i fagrapporten «Klimakur 2030». Politikerne bestemmer hvilke av tiltakene fra rapporten som skal iverksettes.
Norge kan også kutte ikke-kvotepliktige utslipp ved å betale for utslippskutt i andre europeiske land. Regjeringen sier at de planlegger å klare målene uten å bruke denne muligheten, men den kan brukes hvis det blir «strengt nødvendig».
For Norge er utslippene i de to sektorene omtrent like store: I 2019 slapp de ut rundt 25 mill. tonn klimagasser hver.
Det kan bli politisk pinlig. En sannsynlig løsning er at Norge velger å betale for utslippskutt i andre land. Norge kan også bli ilagt sanksjoner dersom vi ikke når målene vi har avtalt med EU.
Norge skal jevnlig rapportere kutt til FN, i tråd med målene satt i Parisavtalen. Her er det ikke fastsatt noen sanksjoner for dem som ikke oppfyller forpliktelsene sine.
Positive teikn for den fornybare energikapasiteten
Rapporten legg til grunn at etterspurnaden etter olje og gass vil nå toppen dette tiåret, og at etterspurnaden etter fossil energi vil vere ein femdel av dagens nivå i 2050.
Sjølv om energibyrået erkjenner at krigen i Ukraina har vore starten på «ei global energikrise» og at vegen til Paris-målet er «smalare», er rapporten også full av optimisme.
I ein eigen Renewable Energy Market-rapport skriv energibyrået at dei forventar at den fornybare energikapasiteten i verda vil auke med 440 GW i 2023.
Det er 24 prosent meir enn dei trudde ved inngangen til 2023.
– IEA er tydelege på at å strupe tilbodet av energi før alternativa er på plass vil vere uheldig, seier sjeføkonom i Offshore Noreg, Marius Menth Andersen.
Han legg til:
– Derfor vil det vere behov for olje og gass også i åra framover, og det må vere den olja og gassen som kan leverast med lågast utslepp og til lågast pris som vil og bør forbrukast. Her er norske ressursar i ei særstilling.
Leiar i IEA, Faith Birol, åtvara i fjor Noreg om at den lette jobben var unnagjort, og at det no var dei «komplekse, utfordrande og kostbare» grepa som stod igjen.
Foto: Benoit Tessier / ReutersDen nye rapporten er i tråd med kva IEA-sjefen uttalte då han i fjor vurderte norsk energipolitikk i lys av Ukraina-krigen og det europeiske «suget» etter norsk gass.
– Verda treng olje og gass, også i framtida. Målet om netto null utslepp er ikkje einstydande med null olje og gass, sa han.
Ifølgje Dagens Næringsliv la han til:
– Då er det betre at olje og gass kjem frå land med lågt karbonavtrykk, som til dømes Noreg.
– Tempoet i energiomstillinga må opp
Generalsekretær i WWF, Karoline Andaur, karakteriserer rapporten som ein marsjordre om å endre petroleumsverksemda på norsk sokkel.
Ho viser til at det oppdaterte vegkartet justerer ned etterspurnaden etter gass i 2030 med 20 prosent, og at dette er «vesentleg lågare» enn det IEA anslo i 2021.
– Sjølv om IEA opnar for at allereie godkjende olje- og gassfelt kan byggjast ut for å dempe prisvekst og unngå underforsyning på kort sikt, er dei tydelege på at det ikkje er plass for ny olje- og gassleiting. Det bør oljenasjonen Noreg ta innover seg, seier ho.
Ho legg til:
– Tempoet i energiomstillinga må opp. Dei rike landa har både ressursar, kompetanse og teknologi, og gode moglegheiter for storstilt utbygging av fornybar energi, men då må investeringane flyttast.
– I rapporten påpeikar IEA at igangsetjing av nye olje- og gassfelt ikkje kan bidra til energitryggleik på kort sikt, og kan gjere omstilling vanskelegare på lang sikt. Stikk i strid med retorikken til regjeringa når dei grunngir ein ekspansiv oljepolitikk med den pågåande energikrisa, seier Generalsekretær i WWF, Karoline Andaur.
Foto: Haakon Nordvik– Regjeringa må gå inn for full leitestans
Global Stocktake-rapporten til FNs klimakonvensjon konkluderte tidlegare i september med at vi er langt unna å nå 1,5-gradersmålet, og under FNs generalforsamling uttalte António Guterres at avhengnaden vår av fossil energi har opna helvetes portar.
– Eg håpar regjeringa og Høgre lyttar til det IEA faktisk seier. Det er ikkje rom for ny oljeleiting. Det burde få store følgjer for norsk leitepolitikk, seier Lars Haltbrekken (SV).
Arild Hermstad, leier i MDG, kallar rapporten «ein stor varsku for norske politikarar og oljenæringa».
– Det regjeringa må gjere no er å gå inn for full leitestans og lage ein tydeleg plan for korleis vi skal omstille oss vekk frå oljeøkonomien vår, seier han.
Årets klimatoppmøte blir arrangert av Dei sameinte arabiske emiratane mellom 30. november og 12. desember.
NRK presiserer: I ein tidlegare versjon av denne saka skreiv NRK at IEA «snur» om behovet for nye investeringar i olje og gass, etter at dei sa «kategorisk nei» til dette i 2021. Her er det NRK-artikkelen som er for kategorisk. Meir presist er det at 2021-rapporten sa nei til nye olje- og gassfelt gitt at det blir investert tilstrekkeleg i fornybar energi; og at 2023-rapporten inneheld scenario der nye olje- og gassprosjekt med produksjon frå og med slutten av 2020-talet kan godkjennast.